Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire av dei som har omsorg for barnet ditt også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime?
Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtet
Filmen Grensesetting som fremmer god utvikling viser ulike sider ved grensesetting og minner om at dette er mykje meir enn å korrigere barnet når barnet gjer noko gale. Når vi har fokus på kva som er bra for barnet når vi set grenser, og gjer det på ein trygg og god måte, så fremmer grensesetting god utvikling for barnet.
Reflekter aleine eller saman heime:
- Er det alltid rett å stå fast på ei grense de har satt? Eller kan det nokre gongar vise seg å vere bra å ombestemme seg? Er det reglar eller grenser de har satt som kan vere lure å revurdere?
- Er det nokon gongar de ikkje set grenser som de eigentleg ville sett fordi de er redd for dårleg stemning eller av andre grunnar? Kva skal til for at de skal greie å sette dei grensene som kjennes rett å sette?
- Kva gjer dei i filmen for å sette grenser på ein god måte, og er dette noko de vil prøve heime?
Om å vere trygg på nett:
- Kva tankar har vi som foreldre om korleis vi kan forsøke å gjere det så trygt som mogleg for barnet vårt å vere på nett framover?
- Noko av det viktigaste foreldre kan gjere for at barn skal vere trygge på nett er å vere vaksne som barna kan snakke med om alt som er vanskeleg. Dersom foreldre straffer eller er mest opptatt av konsekvensar når noko skjer risikerer ein at barnet ikkje fortel om skumle eller vonde ting det opplever på nett no og seinare. Korleis kan de hjelpe kvarandre å greie å bygge denne tilliten hos barnet, slik at de får høve til å hjelpe dei å vere trygge?
- Er vi gode rollemodellar for sunn nettbruk?
Her kan du lære meir om temaet
Om nettvett:
Om grensesetting:
Husk at du kan ringe Foreldresupport - Mental Helse dersom du treng nokon å snakke med når noko er vanskeleg.