5. trinn: Hjelpe barn til god helse Til deg som arrangerer møtet Temamøta frå Livet&Sånn kan kombinerast med møte ein elles skal ha med heimane i løpet av året. Vi anbefaler at møtet ikkje varer meir enn 60-90 minutt til saman. Om de kombinerer med informasjonsmøte så er det lurt å bruke dei siste 30-45 minutta til temadelen frå Livet&Sånn. Alternativt kan de invitere alle heimane på trinnet til felles tema-kveld.Skriv ut og ta med Instruksjonsark for møteleiar (PDF, 176 kB) for å vite korleis du skal bruke innhaldet i møtet!Kjem det foreldre som enno ikkje kan norsk? Her finn du engelske oversettingar av innhaldet i filmar som du kan oversette til ønska språk gjennom google translate eller liknande.Rolla di i møtet:Vi har lagt opp til at lærar/møteleiar skal lede, men ikkje vere forelesar eller ekspert. De ser filmane saman, og foreldra får snakke med kvarandre i mindre grupper. Vi har i liten grad lagt opp til at de oppsummerer saman etter gruppene har snakka. Erfaringa vår tilseier at prosessane i mindre grupper oftast er god, men at plenumsdrøft kan bli komplisert når den som har laga opplegget ikkje er sjølv er der. Om det likevel skulle dukke opp spørsmål du ikkje kan svare på så vis til den grå boksa «Til heimane etter møtet» og sei at det også er mogleg å sende e-post direkte til Livet&Sånn. Spørsmål som handlar om konkrete barn kan til dømes drøftast med helsesjukepleiar på skolen.Gode rammer for møtetTa gjerne i mot foreldra i døra og ønsk velkomen.Sørg for at lyd og bilde er klart, og når ut til alle som skal sjåOm de skal kombinere møtet med val av FAU-representant, så prøv å finne kandidatar på førehand. Det er lettare for folk å stille til val etter personleg oppfordring, og de unngår ugrei stemning om ingen vil melde seg. Til heimane Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire av dei som har omsorg for barnet ditt også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime? Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtet I filmen Fysisk aktivitet for folkehelse og livsmestring - YouTube vert det framheva kor viktig det er å ha ein god balanse mellom fysisk aktivitet og andre aktivitetar i kvardagen. Korleis er denne balansen i vår familie? Er det noko vi kan gjere for å få ein betre balanse? Og korleis er det med søvn i heimen? Får barnet nok søvn, eller er det noko de kan gjere for å lage betre søvnrutiner i familien? I filmen Forstå barnet (mentalisering) handlar det om korleis vi tolkar andre rundt oss i kvardagen, og spesielt korleis måten vi tolkar barn påverkar korleis vi møter dei i ulike situasjonar. Reflekter litt over dette, eller snakk saman heime: Har de som foreldre like eller ulike måtar å tolke barnet på når noko er krevjande i kvardagen? Kjenner du deg att i at måten du tolkar barnet på gjer noko med måten du møter det på? Ønsker du/de å bli betre på å sjå barnet sitt perspektiv i ulike situasjonar? Korleis kan de huske å trene på dette i ein hektisk kvardag? Her kan du lære meir om temaet Skolebarn (bufdir.no) har mange tema som er relevante. Også fleire filmar du kan sjå. Søvn i barneskoleårene (bufdir.no) Hvorfor er barnas søvn viktig? - Helse Bergen (helse-bergen.no) Barn og unge er ikkje nok fysisk aktive - FHI Fysisk aktivitet for barn og unge i skolealder - helsenorge.no Husk at du kan ringe Foreldresupport - Mental Helse dersom du treng nokon å snakke med når noko er vanskeleg. Sist endra 22.08.2024 08.44