7. trinn: Hjelp eg har fått ungdom i hus! Til deg som arrangerer møtet Temamøta frå Livet&Sånn kan kombinerast med møte ein elles skal ha med heimane i løpet av året. Vi anbefaler at møtet ikkje varer meir enn 60-90 minutt til saman. Om de kombinerer med informasjonsmøte så er det lurt å bruke dei siste 30-45 minutta til temadelen frå Livet&Sånn. Alternativt kan de invitere alle heimane på trinnet til felles tema-kveld.Skriv ut og ta med Instruksjonsark for møteleiar (PDF, 148 kB) for å vite korleis du skal bruke innhaldet i møtet!Vurder om du vil skrive ut brosjyrene i den grå boksa med familieferdigheiterKjem det foreldre som enno ikkje kan norsk? Her finn du engelske oversettingar av innhaldet i filmar som du kan oversette til ønska språk gjennom google translate eller liknande.Rolla di i møtet:Vi har lagt opp til at lærar/møteleiar skal lede, men ikkje vere forelesar eller ekspert. De ser filmane saman, og foreldra får snakke med kvarandre i mindre grupper. Vi har i liten grad lagt opp til at de oppsummerer saman etter gruppene har snakka. Erfaringa vår tilseier at prosessane i mindre grupper oftast er god, men at plenumsdrøft kan bli komplisert når den som har laga opplegget ikkje er sjølv er der. Om det likevel skulle dukke opp spørsmål du ikkje kan svare på så vis til den grå boksa «Til heimane etter møtet» og sei at det også er mogleg å sende e-post direkte til Livet&Sånn. Spørsmål som handlar om konkrete barn kan til dømes drøftast med helsesjukepleiar på skolen.Gode rammer for møtetTa gjerne i mot foreldra i døra og ønsk velkomen.Sørg for at lyd og bilde er klart, og når ut til alle som skal sjåOm de skal kombinere møtet med val av FAU-representant, så prøv å finne kandidatar på førehand. Det er lettare for folk å stille til val etter personleg oppfordring, og de unngår ugrei stemning om ingen vil melde seg. Til heimane Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire av dei som har omsorg for barnet ditt også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime?Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtetI filmen «Forvirrande følelsar» såg de hjertehjulet, og høyrte om det blå hjertet «under» som handlar om alt det som kan verke forvirrande og komplisert med følelsar. Reflekter:Opplever du nokre gongar at følelsesreaksjonane dine ikkje står i forhold til situasjonen som utløyser dei? Veit du sjølv kva dette handlar om? Eller ville det vere hjelpsamt for deg å snakke med nokon om dette?Når barnet sine følelsesreaksjonar ikkje står i forhold til situasjonen som utløyste dei; har du tankar om kva som ligg under for barnet og gjer at dette blir vanskeleg? Har du forsøkt å snakke med barnet om dette?I filmen Råd til foreldre frå ungdom - YouTube kjem ungdom med mange råd. Stemmer desse med dei behova din ungdom har trur du? Er det noko av dette som kjennes vanskeleg for deg å gjere? Ville det vere bra for ungdomen din, både no og på sikt, om du fekk det til? Kva skal til for at dette skal fungere? Her kan du lære meir om temaetUngdom (bufdir.no) har mange tema som er relevante. Også fleire filmar du kan sjå.Hjem - Følelseskompasset (folelseskompasset.no)Vanlige utfordringer for tenåringsforeldre - Norsk Psykologforening (psykologforeningen.no) Husk at du kan ringe Foreldresupport - Mental Helse dersom du treng nokon å snakke med når noko er vanskeleg. Øv på viktige ferdigheiter i ungdomsfamilien På nynorsk:LøyseKonflikt (PDF, 260 kB)ReparereRelasjon (PDF, 298 kB)Sinnekontroll (PDF, 304 kB)SnakkeViktig (PDF, 280 kB)SettePrisPå (PDF, 252 kB) På bokmål:Bokmål-ReparereRelasjon (PDF, 359 kB)Bokmål-SettePrisPå (PDF, 246 kB)BokmålSnakkeViktig (PDF, 318 kB)Bokmål-LøseKonflikt (PDF, 364 kB)Bokmål-Sinnekontroll (PDF, 335 kB) Skriv ut og brett som brosjyrar. Sist endra 21.11.2024 10.03