Etter fleire år med relativt lite narkotika blant ungdom har det dei siste åra vore rapportert om ei auke. Mange unge har oppfatning av at narkotika ikkje er farleg, og at det snart vert lovleg å bruke. Det ungdomane nok ikkje veit like godt, er at all narkotika kan vere farleg for nokon, og at ein på førehand ikkje kan vite kven som får dei mest negative konsekvensane. Dei er nok heller ikkje alltid klar over at dei unge hjernane er mest utsette for skadeverknadar av narkotiske middel. Mange veit heller ikkje at sjølv dei mest «harmlause» stoffa ofte har negativ effekt på læring og skoleprestasjonar, og medfører risiko for avhengigheitsproblematikk.
Foreldre bør bry seg, og potensielt også bekymre seg, for ungdomane sitt møte med rus. Som forelder har du ingen garanti for å kunne fange opp om din ungdom brukar narkotika. I mylderet av alt som no er lett tilgjengeleg for ungdom, finnast rusmiddel som er ute av kroppen att før ungdomen kjem heim til deg. Det kan vere ein liten pille, eit lite godteri, eller noko anna smått ein legg på tunga. Det tek ikkje plass, luktar ikkje, krev ikkje utstyr og er heller ikkje alltid spesielt dyrt. Din beste sjanse for å påverke om ungdommen din brukar rusmiddel, og kva rusmiddel ungdommen din brukar, er å ha god relasjon og vere ein det går an å snakke med.
Om vi berre er strenge og tydelege om alt som ikkje er lov, og eventuelt supplerer med kva ungdomen kan vente seg av konsekvensar ved regelbrot, er det nok ein del som ikkje kjem til å seie frå om dei hamnar i vanskar med rusmiddelbruk og treng hjelp. Samtidig kan det vere trygt for ungdomen å vite kva heimane står for. Nokre ungdomar ønskjer ikkje å ruse seg, og for desse kan det vere fint å kunne vise til avtalar med foreldre om å få hjelp til sertifikat eller liknande, mot at dei ikkje ruser seg før dei er 18 år. Men husk at ein slik avtale er for å hjelpe ungdomen til å kunne sei nei til andre, - ikkje for å true dei til å ikkje drikke. Om ungdomen ombestemmer seg seinare, er det lurt å vere open for å endre avtalen.
De heime bør snakke saman om kva ungdomen ønskjer, kva de som foreldre ønskjer, og kva avtale det er best for dykk å ha. Det er heilt greitt å vere tydeleg med ungdomen om at de ikkje vil at ungdomen skal drikke eller bruke narkotika, men sørg for at de samtidig seier like tydeleg frå om at de vil vite det om ungdomen treng hjelp i ein vanskeleg situasjon. Ungdomen treng dei vaksne framleis!