Mykje har forandra seg, på ganske få år, når det gjeld korleis vi snakkar om både kjønn og følelsar. Mange ungdomar er ikkje så opptatt av kjønn. Dei er oftast ikkje like låst i stereotopiar om kjønn som mange vaksne kanskje er. Kvifor har vi likevel laga eit tema om kjønn og følelsar?
Det har vore mykje fokus på sjølvmord blant menn dei siste åra, og mykje undring om kvifor det er slik. Kan det vere at vi møter gutar og jenter ulikt når det kjem til følelsar og psykisk helse, og at dette gir dei ulike moglegheiter til å handtere følelsar som blir veldig sterke og vonde? Ingen veit alle svara på dette, men det er grunn til å tru at større openheit, og betre opplæring om følelsar og psykisk helse, kan hjelpe.
Følelsar er ein del av eit signalsystem. Følelsar er informasjon til oss sjølve om noko kroppen har oppdaga, som vi treng å vite for å ta best vare på oss sjølv og andre. Denne informasjonen må leggast merke til, og helst lyttast til. Det betyr ikkje at følelsane våre alltid har rett, men at den beste måten å hjelpe dei på, er å legge merke til at følelsane kjem, forstå kvifor dei kjem og kva behov dei representerer. Dette gjeld uavhengig av kjønn.
Vi har ulike behov i handtering av følelsar. Nokon treng å snakke mykje, andre vil kanskje foretrekke å vere aleine, eller å bruke kroppen for å få dei ut. Tradisjonelt sett snakkar nok kvinner meir om følelsar enn menn. Og kanskje har fleire kvinner enn menn behov for det? Samtidig er det viktig at gutar og menn veit at dei kan snakke om følelsar dersom dei treng det. At dei blir møtt med forståing, validering og støtte om dei først prøver. For nokre gongar gjer livet veldig vondt. Nokre gongar kjem dei vondaste følelsane over oss i alt for sterk styrkegrad. Og då treng både jenter og gutar, kvinner og menn moglegheiter til å bearbeide dei. Regulere dei.
Om du kikar på timen elevane skal ha under her, ser du at dei får innsyn i to ulike hovudstrategiar for å handtere følelsar. Den eine er å vere i følelsen litt, minne seg sjølv på at dette er naturleg å kjenne, og at det vil gå over. Dei får også lære teknikkar for å bruke pust og kropp til å roe ned følelsen. Dei blir oppmuntra til å sette ord på den, gjerne snakke med nokon - deg til dømes.
Den andre strategien er å avlede følelsen. Det er ikkje alltid det passar like godt å bli verande i vonde følelsar. Og nokre gongar tek følelsane så lang tid at det er usunt å vere i dei til dei har gått over. Då er det viktig å gjere på ting som skaper andre følelsar i kroppen. For følelsar vert påverka av mange ulike ting. Mellom anna av kva vi gjer på. Det å bruke kroppen, sove, få i seg mat, høre på musikk, sjå på noko gøy - alle slike ting kan gi betre følelsar i kroppen. Det viktige er å kunne nytte begge strategiane, ikkje alltid berre den eine.
Dersom du opplever at du eller ungdomen din slit for mykje med handtering av følelsar, så vit at det er mogleg å få hjelp. Snakk med nokon. Start gjerne med ein prat med helsesjukepleiar, miljøterapeut eller andre du har tillit til.