Helsesjukepleiar vil kome innom alle klassene på skolen ved skoleoppstart for å informere om skolehelsetenesta, gi informasjon om når helsesjukepleiar er på skolen, seie noko om korleis ungdommen kan ta kontakt og kva ein ungdom evt. kan ta kontakt med helsesjukepleiar om.
Det kan vere spennande og nokon gongar skummelt å skulle byrje på ungdomsskolen. Det er normalt å kjenne på at overgangar er skumle og at det samstundes kan kjennes bra. Dei fleste ungdommane gir likevel uttrykk for at dei er klar for ein ny fase i livet.
Tema ungdommar oftast kjem for å snakke med helsesjukepleiar om kan vere: pubertet, kropp, seksualitet, kjønnsidentitet, prevensjon, vennskap, familie, kjenner seg einsam, mobbing, søvn, stress, press av ulike slag, uro, kosthald, skolerelaterte ting, sjølvskading, tankar om døden og mykje meir. I samtalen kan helsesjukepleiar forutan å stille spørsmål og å lytte, undre seg saman med ungdommen over kva dei ulike tankane og følelsane gjer med ein og kva dei formidlar eller er eit utrykk for.
Ei kartlegging av det som utfordrar og er vanskeleg må gjerne til for å skjønne meir av kva det tek mest plass i den unge sitt liv. Utifrå ei slik kartlegging kan ein ta i bruk ulike hjelpemiddel og metodar som kan vere med å styrke den unge og skape meir tryggleik og oversikt i livet. Den unge får litt meir kontroll på livet sitt og dagane blir meir handterbare. Helsesjukepleiar kan også vise til andre som kan hjelpe med det som er vanskeleg, om det er behov for meir eller anna hjelp.
Helsesjukepleiar har teieplikt, det vil seie at det vi samtalar om ikkje vert delt med andre utan samtykke av eleven. Nokre gongar er det likevel lurt eller nødvendig å snakke med føresette/foreldre, eller helsesjukepleiar kan ha plikt til å ta kontakt med andre i hjelpeapparatet som kan hjelpe. Då orienterer vi ungdommen om dette før vi går vidare.
I tillegg til at ungdommen sjølv kan ta kontakt er vi også tilgjengeleg for foreldre og lærarar, og vi samarbeider gjerne med andre instansar der det er behov.