Tenk om vi kunne lese tankane til kvarandre! Ei både freistande og skremande forestilling for dei fleste av oss. Når ungdommen din var tre-fire år fekk du nok som forelder høyre mange spontane og fornøyelege tankar, gjerne i tide og utide. Kanskje er det fortsatt slik, at ungdommen din deler tankar og opplevingar med deg som forelder. I ungdomskoleåra er det derimot ofte slik at venner tek over som den foretrukne samtalepartner, noko som kan føre til at ungdommen sitt indre liv blir mindre tilgjengeleg for foreldra.
Ungdommen blir meir bevisst seg sjølv, og tankar som «kven eg er eigentleg» «Korleis oppfattar andre meg?», og tankar om korleis ein ønsker å framstå blir viktige. Detaljar som tidlegare berre var detaljar kan no vere superviktige. Opplevingar kring sjølvtillit, sjølvbilde og sjølvfølelse kan bli skjørt og sårbart.
Bekymringstankar tek ofte større plass. Små eller store bekymringar, handfaste og reelle, eller meir hypotetiske. Triste tankar, grubletankar og problematiserande tankar om framtid, så vel som hendingar som har vore. Dette er slitsame tankar. Vi har alle slitsame tankar iblant, det er vanleg og noko ein må rekne med. Men dersom dei slitsame tankane tek for stor plass i livet vårt, går det ut over den psykiske helsa vår. Tankar, følelsar, handling og kroppslege signal påverkar kvarandre, og påverkar korleis vi har det med oss sjølve. Ved å vere bevisst tankane våre kan vi nokre gongar greie å påverke korleis vi har det.
Det er her dette med å kunne lese tankar kjem inn i bildet. For ungdommen din kan trenge støtte frå deg til å navigere i tankane sine, og til å handtere slitsame tankar. Nokre vil trenge hjelp til å avgjere om det er lurt å ta kontakt med helsetenesta for å få hjelp med slitsame og vonde tankar. Men kva gjer vi då, når vi ikkje er tankeleserar?
Det å vise interesse og å vere nysgjerrig på det ungdommen er opptatt av, eit spel eller ein artist, kan skape små gode møtepunkt. Slike møtepunkt kan vere viktige for å vise at du ønsker å ta del i ungdommen sitt liv, også når det gjeld dei vanskelege tinga. Det kan vere lettare å dele tankar medan ein gjer ein aktivitet saman, som å spele eit spel, gå eller køyre ein tur. Det å gjere seg sjølv tilgjengeleg, varsamt trenge seg på, og å vere lydhør, kan gi rom for samtalar kring ungdommen sine tankar og opplevingar i kvardagen.
Dersom ungdommen deler strevsame tankar med deg, kan du vere til hjelp ved å validere, eller anerkjenne, ungdommen si oppleving av at dette er vanskeleg og at det er trasig å ha det slik. Det å bli møtt med forståing gjer godt, og opnar ofte opp for vidare samtale. Det kan gi rom for at ein saman tenker høgt om moglege måtar å møte dette vanskelege på. Dersom slitsame og vonde tankar tek stor plass, kan det også vere fint å hjelpe ungdommen til å få tankane over på andre ting, til å skape litt avstand. Dette kan vere å lytte til musikk, sjå noko kjekt på skjerm, gå ein tur ut, treffe venner, trene litt, eller noko anna som ungdommen din liker å gjere.
Elevane får lære om sjølvtillit, sjølvbilde og sjølvfølelse. Vi foreldre kan påvereke alle desse tre delane av ungdommen sin identitet.
Vi kan styrke sjølvtilliten ved å gi konkrete, positive tilbakemeldingar på det ungdommane får til, og på at vi ser at dei prøver å få til.
Vi kan bidra til å styrke sjølvbildet til ungdommane når vi fortel dei at vi legg merke til ting som at dei er snille med søskena sine, deler med andre, er ein god venn for nokon eller gjer oss glade når dei ryddar av bordet.
Vi styrkar sjølvfølelsen til ungdommane når vi er tydelege på at dei er elska av oss – heilt uavhengig av kva dei gjer og kva dei får til. Vi er glade i dei for den dei er for oss.