Det er vanlig å kjenne seg annleis når ein er ung. Ingen er jo like, men barn og unge vil ofte vere lik andre. Det å skilje seg ut gjennom funksjonsutfordringar, storleik, farge på hud eller hår, opplevinga av eige kjønn, seksualitet og identitet, familiebakgrunn, kultur eller interesse, veit vi kan vere tøft for mange.
På ungdomsskolen møter dei gjerne fleire som liknar seg sjølv, nye vennskap kjem til og mange kjenner dei høyrer til. Andre kan oppleve at ungdomsskoletida er prega av det motsette. Å ikkje heilt finne seg til rette i flokken, og heller ikkje alltid trivast så godt med seg sjølv.
Dessverre vert nokre også utsette for mobbing. Noko av dette vert oppdaga på skolen, men ikkje alt. Nokon kjem til helsesjukepleiar og seier frå. Det er bra, for då har vi betre moglegheit til å hjelpe.
Norge er eit fleirkulturelt samfunn, men vi ser at nokre opplever rasisme. Dette er ikkje greitt. Vi vaksne rundt barn og unge har ei viktig oppgåve med å formidle med ord og handling at rasisme ikkje er akseptert.
Helsesjukepleiar møter innimellom elevar som snakkar om slike opplevingar. Opplevingane kan ha ulik form; ord, kroppsspråk, hat, utestenging. Dette gjer vondt, og helsesjukepleiar ønskjer å hjelpe. Difor spør vi alltid elevane på 8. trinn i helsesamtalen om mobbing eller andre krenkingar, og opnar for at dette kan snakkast om.