Temaet denne månaden handlar om å hjelpe elevane å legge merke til det som er bra i livet, og kjenne glede over dette. Oftast når elevar kjem for å snakke med oss er det fordi noko i kvardagen deira ikkje er bra. Det viktigaste vi gjer då er å validere deira oppleving av dette, vise at vi forstår dei, bekrefte følelsar og tankar, og finne ut saman med dei kva dei treng for å få det betre. Det å jobbe med takksemd skal ikkje føre til dårleg samvit for å ikkje vere takknemleg!
Mange som kjem til oss slit mykje med dårleg samvit. Kanskje har dei familiemedlemmar eller nære venner som ikkje har det bra og kjenner på dårleg samvit for at dei har det kjekt saman med andre. Då kan vi hjelpe dei til å forstå at det ikkje er god hjelp for den som ikkje har det bra, at andre unngår å ha det bra sjølv.
Å skape glede, søke etter å gjere noko som er kjekt kan vere viktig i tider der ein har det vanskeleg. Ved å gjere noko kjekt kan ein vekke gode hormon som igjen fører til gode følelsar. Nokre gongar må vi øve oss på å leite etter takknemlegheiter. Sjå etter små gleder og prøve å ikkje samanlikne oss med andre og sette standard på glede ut frå det.
Det passar ikkje for alle å leite etter det som er bra for å kjenne seg takknemleg. Ein merkar fort om ungdommen ein snakkar med opplever dette hjelpsamt, eller om det berre blir nok ein ting som gjer at ein kjenner seg mislukka. Dette er ei av vurderingane vi helsesjukepleiarane gjer i våre samtalar, og så tilpassar vi verktøya våre til den eleven vi møter her og no.