Kva rolle speler kroppen i psykisk helse? Og korleis kan vi bruke kroppen til å skape god psykisk helse?
I samfunnet vårt har vi gjennom tidene ofte snakka om kropp og psyke som to separate byggesteinar i korleis vi er skrudd saman som menneske. Dette har vist seg å vere eit noko kunstig skilje. Om psykisk helse handlar om korleis vi har det med tankar og følelsar i kvardagen, har kroppen også ei stor rolle i dette:
Vi kjenner følelsar i kropp. Når kroppen har smerter vil det vanlegvis påverke både tankar, følelsar og handling/fungering. Vonde opplevingar, stress og psykiske smerter kan føre til sjukdomstilstandar i kroppen. Kroppsbildeforstyrring/eteforstyrring er definert som ein psykisk liding, men symptomet visast gjennom kroppen. Slik er det også med sjølvskading. Nokre ungdommar påfører kroppen smerte for å handtere smertefulle tankar og følelsar.
På den andre side har forskning på unge og psykisk helse vist at fysisk aktivitet kan ha stor effekt på depresjon, eller for å førebygge depresjon. Spesielt hos gutar. Og om kroppen får dekt behov for sunn mat, aktivitet og søvn handterer vi ofte tankar og følelsar betre. Her har vi som foreldre viktige oppgåver for å hjelpe ungdomane våre.
Ungdom treng mykje søvn, helst 8-10 timar søvn pr. natt! Korleis kan dei få til det? Mange ungdommar opplever det vi kallar eit biologisk forskjøvet søvnmønster. Prosessane i kroppen som skal føre til søvn startar seinare på natta, og dei har difor behov for å sove lenger om morgonen for å få nok timar med søvn. Fordi skolen startar tidleg, må dei likevel opp, og dei blir trøtte og uopplagte. Mange vil gjerne sove meir, og legg seg tidleg og gjer “alt rett”, men vert liggande vaken. Desse kan ha nytte av spesialtilpassa råd frå helsesjukepleiar, fastlege eller andre som arbeider med søvn. Andre derimot kan fint klare å få nok søvn om dei har såkalla god søvnhygiene, at dei følger gode råd for god søvn - slik dei får lære om i denne timen.
I timen får dei også lære litt om andre ting dei kan gjere for å ta vare på kroppen for å ta vare på si psykiske helse. Det er fint om de heime også ser litt på dei filmane og oppgåvene som ligg her, og kanskje kan de prate litt heime om kva som skal til for at ungdommen skal klare å gjere det dei treng for å ha det bra.