Mykje av det sosiale livet til ungdommen skjer via sosiale media og på ulike kanalar. Vi ser at denne måten å kommunisere på er viktig og sentral for dei unge. Mobilen er gjerne med overalt, helst 24/7. Det er sjølvsagt på godt og vondt.
I møte/samtaler med dei unge vil vi gi dei kunnskap om nettvett slik dei kan ta gode val for seg sjølv. Det kan vere bruken og nytten, det som blir kommunisert ut og det som skal takast i mot. Den unge kan kjenne på at livet på nett også skal meistrast. Det hender fleire gonger at helsesjukepleiar blir involvert i saker/hendingar som har med ugreie ting via sosiale media å gjere, som deling av bilde og ulike krenkingar. I slike saker må ofte fleire bli involvert og helsesjukepleiar har fleire å samarbeide med her.
Nettet er også ein arena der ungdom kan prøve ut sin (gryande) seksualitet. Dei finn fram til porno, dei får tilsendt nakenbilde, og dei blir bedt om å sende bilde av seg sjølve der dei framstiller eigen kropp seksuelt. På ulike sosiale media dukkar det opp nye trendar og utfordringar til dei unge, mykje før vi vaksne klarer å fange det opp og forhindre dei frå å delta. Mange slike trendar og utfordringar kan vere farlege for ungdommane. Ofte er vi helsesjukepleiarane av dei første som får vite slikt, fordi elevar kjem og fortel om det. Det blir opplevd som skummelt, ekkelt, flaut eller vanskeleg. Helsesjukepleiar møter ungdommen med samtale om kva dei har opplevd, og prat om kva som er lurt å gjere vidare. Heime er mange redd dei vil bli møtt med grenser og sanksjonar som inndraging av telefon og redusert nett-tilgang. Også i slike samtalar må helsesjukepleiarane heile tida vurdere i kva grad vi kan ha teieplikt om det ungdommane fortel, eller om vi må informere heim og skole for å ivareta ungdommen sin tryggheit. Noko av det elevar fortel om er kriminelle handlingar og då må vi også informere politiet.
Helsesjukepleiar er opptatt av helse og at den unge skal lære seg å ta meir ansvar for eiga helse. Ofte ser vi at nettbruk/sosiale media/chat med venner eller ulike spel og tv-seriar tek tid av ungdommen sin dag og gjerne søvn. Mange unge får for lite søvn. Helsesjukepleiar spør ofte den unge om søvnvaner. Om det blir nok søvn og om den unge er opplagt til det den skal møte i løpet av ein dag. Det er nødvendig å vere opplagt og utkvilt til skolekvardagen, likeså å vere til stades i relasjonar i møte med andre, samt det å ta gode val. Vi ser igjen at tankar, følelsar, søvn, åtferd og handlingar påverkar kvarandre.
Vi skal ikkje gløyme at gode vennskap også kan bli til over nett. Mange ungdommar møter andre unge i Norge og ute i den store verda gjennom online spill og ulike chattekanalar/interesse. Målet med å snakke om nettbruk er å gjere ungdommen i stand til å ferdast klokt på nettet, og vere våken for ulike faresignal som kan dukke opp.