Det har skjedd mykje siste åra når det kjem til kjønnsmangfald, og det kan kjennes vanskeleg å greie å ha oversikt over alle desse bokstavane (LHBTQ+) og den nye bruken av pronomen. Ungdomen din er truleg ganske oppdatert, og mange har venner eller kjende som no definerer seg som eit anna kjønn enn dei er fødd med. Kanskje har dei også venner som er ikkje-binær? Ein som ikkje identifiserer seg som verken gut eller jente, eller som litt begge deler? Kanskje refererer ungdomen din til vennen sin som «dei» sjølv om det berre er ein person? Det kan kjennes komplisert for ein vaksen hjerne som er opplært i ei anna tid med eit enklare sett med ord å bruke.
Sjå gjerne på timen elevane har om dette temaet. Kanskje er det noko her som er nyttig for deg å lære også?
Og i staden for å eventuelt nekte å forhalde seg til desse endringane, kan du sjå på dette som ei avansert oppdatering på telefonen eller datamaskinen? Hjernen din er forma i ei anna tid, denne kjønnsoppdateringa som det verkar lett for ungdomane å inkludere, kan vere vanskeleg for di «maskin»/din hjerne å laste inn. Det betyr ikkje at du ikkje bør prøve, men både du og ungdomen din bør vere litt tolmodig med at det kan ta litt tid. Vi seier feil av og til, men når vi oppdagar det kan vi beklage, og vi kan fortsette å prøve.
Og kanskje er det din ungdom som kjenner på utfordringar knytt til opplevinga av eige kjønn? Vit at det enklaste for barn og unge alltid er å vere mest mogleg lik fleirtalet. Dette er ikkje noko dei gjer «på gøy». Om ungdomen din snakkar med deg om dette kan du ta som utgangspunkt at dette opplevast heilt reelt for ungdomen, at det ligg mykje smerte og tankearbeid bak, og at ungdomen din treng støtte og omsorg frå deg. Det å skifte kjønn er ein prosess som tek tid. Det har ikkje blitt enkelt, men det har blitt akseptert og mogleg. Hjelp til å finne ut av dette får ein via lege og BUP.