Ungdom er oftast veldig lojale mot foreldra sine. Når noko ikkje er bra heime kan det difor kjennes vanskeleg å snakke om det, også med oss helsesjukepleiarar. Men fordi vi spør heilt konkret kan ungdom likevel snakke med oss om det meste. Det er bra, for det å også snakke med vaksne utanfor familien kan vere viktig.
Mange ønskjer å gjere foreldra sine stolte og ønsker ikkje å skuffe dei. Mange opplever at det er vanskeleg å leve opp til dei forventningane og måla foreldre har for ungdomen. Dei er i ein alder der dei forandrar seg veldig. Fritidsinteresser som før har vore viktige og kjekke, er kanskje plutseleg heilt uinteressante. Dette kan verke rart for foreldra, men kan likevel vere rett for ungdomen.
Ungdom kan oppleve sterke følelsar knytt til sjukdom og død i familien. Nokon ønsker å handtere det saman med familien sin, andre ber det heile aleine og nokon vel å snakke med andre vaksne eller venner om det. Helsesjukepleiar snakkar med mange ungdommar som opplev alvorleg sjukdom og død i nær familie.
Nokon ungdommar har to heimar. Det kan vere greitt og det kan også gi nokon utfordringar. Vi formidlar alltid at det er ikkje den unge sin feil at foreldre ikkje kan bu saman. I ei overgangsfase mellom å skape gode rammer for to heimar og godt samarbeid mellom foreldre, kan det hende den unge kjenner på ulike følelsar knytt til det. Da kan det hende den unge har behov for å snakke med nokon andre enn foreldra. Det kan og vere godt for den unge at skolen veit om endringane heime da det kan skape ein del tankearbeid for den unge.
Helsesjukepleiar kan også ha samtalar med foreldre, eller hjelpe foreldre til å få hjelp av andre. Mange kommunar har gode tilbod til foreldre som treng nokon å samarbeide med i ei periode for å finne gode måtar å vere foreldre på når livet er vanskeleg. Vi i skolehelsetenesta bidrar i dette samarbeidet om det trengs.