Elevane kjem nokre gongar til oss for å snakke om rykter om seg sjølv. Vi lyttar til det dei fortel og forsøker å hjelpe dei med dette. Kanskje er det noko ein kan rydde i? Nokon ein kan snakke med for å finne ut av dette og få rykta til å stoppe. Rykter spredd på nettet kan vere vanskelege å nøste i, og då kan det vere rett å inkludere fleire for å få stoppa det som skjer.
Å bere på hemmelegheiter kan vere ubehageleg, i alle fall vonde hemmelegheiter. Ein kan også kjenne seg viktig som får ta del i ein hemmelegheit, ein kan kjenne på at ein er til å stole på. Nokre gongar er det gode, fine ting ein deler og andre gongar er det meir komplisert. Ungdom blir gjerne fanga av at ein ikkje skal tyste/sladre om andre.
Barn og unge har mange gongar behov for å snakke med vaksne om sine hemmelegheiter eller det dei veit om ein venn. Ungdommen sine tankar og sinn kan vere prega av dette og då kan dei bruke mykje energi på å skjule eller dekke over. Då er det fint om dei kjem og snakkar med helsesjukepleiar. Saman kan vi finne ut kva som er lurt å gjere vidare.
Nokre gongar i ungdomstida kan opplevingar frå fortida innhente ein. Då kan ein kjenne på skuldkjensle for noko eller det kan vere noko vondt ein har opplevd. Vi ser at følelsar som skam, skuld og dårleg samvit kan vere knytt til slike hemmelegheiter.
Hemmelegheiter kan handle om alvorlege hendingar som overgrep, vald og uheldige opplevingar og hendingar. Slike hemmelegheiter er helsesjukepleiar klar for å ta imot. Helsesjukepleiar har teieplikt. Helsesjukepleiar har også meldeplikt til ulike instansar som politi og barnevern i alvorlege saker, dette er noko helsesjukepleiar informerer den unge om.
Uansett er det viktig at vonde opplevingar blir tatt tak i og jobba med. Vonde hemmelegheiter kan føre til uhelse og ubehag.