Temaet for denne timen er ikkje lett. Sjølvmordstankar og sjølvskading er heftige greier. Og samtidig er det så mange unge som har slike tankar, og slike smerteuttrykk, at det er viktig å snakke om det med elevane. Vi har likevel valt å gi temaet til helsesjukepleiarane og ikkje lærarar. Det er fint å vere to denne timen, så kanskje kan lærar og helsesjukepleiar ha den saman? Når ein er to har eg større moglegheit til å legge merke til om nokon får reaksjonar på innhaldet i timen og å følge opp desse med tilbod om samtale og hjelp.
Om de veit at det er elevar i klassa som slit med desse tinga, er det viktig at dei vert informert om innhaldet i timen på førehand. Vis dei timen på nettsida, og la dei få velge om det kjennes greitt å delta, eller om dei vil gjere noko anna denne timen. Som de ser er fokuset i timen mest på kva ein kan gjere for venner som har det slik, så kanskje vil det kjennes mogleg å delta likevel når ein er klar over dette.
Her er instruksjonane for timen som du skriv ut og tek med: 10. trinn helsesjukepleiar (PDF, 261 kB)
Her kan de lære meir om temaet Er du redd noen du kjenner skal ta selvmord? - helsenorge.no