Har eleven din Livet&Sånn på skolen? Eller har du blitt invitert til temakveld med innhald frå Livet&Sånn? I så fall er det fint at du har funnet fram hit for å få vite meir om kva Livet&Sånn er.
Livet&Sånn er laga for å jobbe med læringsmål i temaet folkehelse og livsmeistring i ulike fag. Skolane kan bruke ferdige timar med elevane, og desse har variert innhald og er utarbeidd av fagfolk med ulik kompetanse innan psykiske helse og pedagogikk.
Elevane får variert og god opplæring innan mange viktige tema. Om det å vere trygg, om vennskap, følelsar, om kroppen, tankar, familie, mangfald, om det som er hemmeleg, om nettet, takknemlegheit og om fysisk aktivitet. Til saman håper vi at dette gir elevane viktig kompetanse for livsmeistring og helse.
Det at ungdom lærer om dette er sjølvsagt ikkje nok til å sikre dei å meistre livet eller få god psykisk helse. Livsmeistring skjer best i fellesskap og nære relasjonar med andre. Også den gode psykiske helsa kjem lettast når ein har det bra i relasjonane sine i kvardagen. Difor er alle vaksne rundt barn og unge ei viktig målgruppe for Livet&Sånn. Dei vaksne på skolen, og dei vaksne heime.
Så korleis kan du bruke Livet&Sånn for å bidra i dette?
Alle timar vi har laga for elevane har ei grå boks med litt tekst til heimane øvst på sida. Du finn dei ved å trykke deg inn på rett trinn, tema og opne den gråe boksa i starten av side. Det er fint om du vil kike på desse gjennom året, og også gjerne det som er timen til eleven din. Kanskje er dette noko av dette det også kan vere fint å snakke om heime?
I tillegg finn du alle temamøta for ulike trinn her. I kvar av desse finn du også ei lita tekst «til heimane» i ei grå boks. Sjå og bruk det du vil. Vi håper dette kan kjennast nyttig.