Filmane i denne serien vart laga vinteren 2018/2019 i prosjektet Kurs i psykisk helse, som var støtta av Stiftelsen Dam, med Mental Helse som søkarorganisasjon.
Filmane er laga i samarbeid med Ålesund vidaregåande skole, avdeling for media og kommunikasjon. Dei delane av filmane der ungdom formidlar bodskapen direkte i kamera er også filma av elevane.
Elevane som var med på dette prosjektet var svært dyktige og modige. Det ser ut som det er mykje lettare for ungdom å ta i mot informasjon om psykisk helse når det er ungdom som gir informasjonen. Desse elevane gjorde ein svært viktig jobb med å formidle kunnskap om psykisk helse i ei tid der det ikkje var vanleg å få slik informasjon på skolen. Vi er svært takknemlege for at dei blei med på dette, og veit at filmane har vore til nytte for veldig mange unge.