Hjelp utrygge elevar

Eg kjenner meg trygg i klassa når, sjå pdf - Klikk for stort bileteNår elevar er trygge har dei mykje betre føresetnad for å fungere godt og lære godt på skolen. Vi har difor laga to ark de vaksne kan bruke som eigen sjekkliste for at elevar skal kjenne seg trygge på skolen og i klassa. Bruk dei gjerne til refleksjon i mindre grupper. Er det noko de ser at de bør jobbe meir med?

Eg kjenner meg trygg i klassa når (PDF, 244 kB) og Eg kjenner meg trygg på skolen når (PDF, 154 kB) kan også brukast i samtalar med elevar som viser teikn på å kjenne seg utrygg på skolen eller i klassa. Det kan vere elevar med høgt skolefråver, elevar med smerteplager utan kjent årsak, eller elevar med angst. Marker med å krysse av, eller med å farge grønn/oransje/raud, for å synleggjere kva som fungerer godt og kva som bør jobbast med for at eleven skal få det betre på skolen og i klassa.

Eg kjenner meg trygg på skolen når - sjå pdf - Klikk for stort bilete