Å skulle ta imot flyktningar kan aktivere mange ulike følelsar i oss. Vi kan kjenne at vi allereie har for mange å strekke til for, for mykje å gjere, for lite plass og for få ressursar. Sjølvsagt vil vi gjerne bidra, men alle hjelparar kan innimellom kjenne på balansen over kor mykje ein kan klare å gi av hjelp.
Når det no kjem svært mange flyktningar frå Ukraina inn i norske klasserom håper vi det kan kjennes til nytte å få nokre tips om korleis ein kan legge til rette for at desse elevane kan bli trygge og inkluderte på ein god måte. Forhåpentlegvis blir dette også ei god oppleving for medelevane og for deg som jobbar i skolen.
Om vi sjølve skulle starta på nytt i eit nytt miljø ville vi ønska å forstå språket, kulturen og rammene i det vi skulle starte i. Elevane som no kjem frå Ukraina gjer ikkje det. I tillegg er dei midt i ei krise, dei har reist frå dei fleste av dei viktige relasjonane sine, og det meste av det som var trygt i deira kvardag. Vi har grunn til å tru at mange av dei er sterkt prega av det dei har vore igjennom og har følelsar som sorg, frykt og sinne, mykje uro i kroppen, og eit reguleringssystem som framleis er i beredskap for nye farar. Dette er langt frå eit ideelt utgangspunkt for læring i fag.
Samtidig veit vi at noko av det menneske i ein slik situasjon ofte treng er å få bruke kroppen i aktivitet, få avleiing frå vonde tankar, nye trygge rutinar og å vere i fellesskap med andre menneske. Alt dette kan dei unge få i skolen. Det som hastar mest er altså ikkje at dei får kome hurtig vidare med opplæringa innan fag, men at dei får kome hurtig i gang med å leve ein ny, tryggare kvardag saman med andre menneske.
Mange av dei vil inni seg gå litt att og fram; dei er i det nye og deltek så godt dei kan der, og så kan dei forsvinne inn i dei vonde minna og frykta att litt. Nokre vil sjå ut som om «ingenting har hendt» og andre vil vise tydeleg at dei er midt i ei stor krise. Alt dette er normalt, og dei vil uansett ha behov for mykje av det same frå oss som møter dei i skolen: snille, varme blikk, eit godt smil, vaksne som viser at dei prøver å forstå og som prøver å legge til rette, og medelevar som viser at dei ønsker nye venner velkomen i flokken.
Sjølv om vi ikkje forstår kvarandre sitt verbale språk har vi menneske måtar å kommunisere på som er universelle. Det viktigaste det nonverbale språket skal formidle no er «du er trygg her», «du er velkommen her», «eg forstår at det du har opplevd er forferdeleg vondt» og «dette skal vi få til saman». Det er eit godt utgangspunkt for å gjere ei barnehjerne som har opplevd krig og flukt klar for å lære nytt språk, og å kunne gå vidare med fagleg læring etterkvart.
Noko engelsk, og oversetting ved hjelp av mobilen kan nok også bidra til kommunikasjonen.
Nyttige lenker for skolar som tek i mot flyktningar: