Presentasjonar framfor klassa har fått stor plass i skulen i mange år. Det som for mange er ein grei måte å vise kunnskap på, er for andre eit mareritt. Mange lærarar, foreldre, helsesjukepleiarar og andre fagfolk innan psykisk helsevern har høyrt fortvilte elevar sette ord på kor vanskeleg det er for dei å stå framfor klassa si slik. For enkelte tek det nattesøvnen og pregar deira psykisk helse negativt.
Mange skular og lærarar har tatt dette på alvor og laga ulike ordningar for elevar som treng andre måtar å vise kunnskap på. Alt frå å få presentere aleine for lærar, få spele inn presentasjonen heime, framføre i trygge grupper og meir.
Når elevar har fryktreaksjonar knytt til framføring vil det vere klokt å hjelpe elevane til å meistre situasjonen i auka grad. Det bør gjerast ved å tilpasse framføringa, og hjelpe eleven til å flytte eigne grenser gradvis. Eksponering må skje i små dosar, etter avtale med eleven sjølv, i trygge rammer og med god støtte. Vi må sørge for at eleven får ei god oppleving av å prøve.
I denne timen får elevane snakke med kvarandre om alt dei fryktar i presentasjonar. Dette er det fint om du som lærar møter med forståing. “Eg forstår godt at elevar kjenne seg utrygge for det” “Det å kjenne det slik må gjere vondt” “Det hadde vore fint om alle kjente seg trygge på å stå framfor klassa si og presentere, men vi veit at ikkje alle gjer det. Vi er forskjellige og det er greitt”
Målet med denne timen er at elevane sjølv skal kome fram til metodar for presentasjon som dei er komfortable med. Det er viktig at alle faglærarane i klassa tek omsyn til ønskja elevane skulle kome med i denne økta, i åra som kjem. Vi har valt å halde fokus på kva lærar kan gjere for å gjere elevane trygge, og kva medelevane kan gjere for at presentasjon skal kjennast så trygt som mogleg.
Ta med til denne timen: Trygg i presentasjon (PDF, 250 kB)