Bruk snakkebildetDenne teikninga kan skrivast ut og brukast på mange ulike måtar. Vi kjem med nokre forslag, men de kjem truleg på mange fleire undervegs. Om teikninga heng i barnehøgde i ein krok i barnehagen der det er mogleg å samtale litt, kan teikninga mellom anna brukast til impulsive små samtalar ved behov.De kan skrive ut teikninga i svart kvit og bruke den til fargelegging. Medan ein teiknar på den kan de samtale om det de ser.Bruk teikninga som utgangspunkt for samtale i samlingsstund, eller med mindre grupper av barn. Bruk då gjerne forslag til spørsmål, eller la barna styre samtale gjennom det dei vert mest opptatt av.Bruk teikninga saman med enkeltbarn i spes.ped.-oppfølging for å trene på sosiale ferdigheiter, empati, regulering av følelsar og liknande. Skriv ut og bruk bildet:Barnehagevenner med idear på baksida - nynorsk (PDF, 994 kB)Barnehagevenner med ideer på baksiden - bokmål (PDF, 996 kB)Barnehagevenner til fargelegging (PDF, 603 kB)Barnehagevenner som plakat (PDF, 945 kB) Sist endra 21.11.2024 09.21