God konfliktløysing handlar om å få fram dei ulike behova som er i konflikt, vise forståing for at behova er ulike og for følelsane som ofte kjem, og å snakke seg fram til ei løysing som kan vere grei nok for alle partar.
Dette er avansert, og sjølvsagt ekstra vanskeleg før ein har etablert eit godt språk. Difor treng barna at vi er saman med dei når dei lærer seg å handtere konfliktar. Allereie før dei sjølv har ord for det som skjer kan vi sette ord på det for dei. Slik lærer dei god konfliktløysing frå start.
Når du skal bidra i konfliktløysing bør du vere roleg, trygg og god i møte med alle barna i situasjonen. Går heilt bort til dei og:
1. Stopp og undersøk:
Sei til dømes: «Åj, no ser eg at de er ueinige her!» og beskriv det du ser. La barna fortelje kvar sin versjon av situasjonen ved å sei «No vil eg at begge seier med ord kva du har/hadde lyst til, og kva som skjedde. Først du, og så du etterpå». Lytt til begge, og hjelp dei å sette ord på det som skjedde om dei treng det.
2. Valider følelsen til begge parter:
Dette handlar om å vise at det alltid er to sider/opplevelser av same sak, og at begge har lov å ha lyst til og å føle det dei gjer. «Eg forstår godt at du hadde lyst å …, og at du blei lei deg når …» Og eg forstår godt at du hadde lyst å …, og at du blei sint når …»
3. Reflekter med barna for å finne ei løysing:
«Korleis kan vi gjere det no for at det skal bli greitt for begge to? Kva er lurt skal tru?» Sjå om barna har eigne forslag, og kom med eigne forslag ved behov. Sjå at dei kjem seg vidare i situasjonen, og vis dei at du er veldig fornøgd med måten dei løyser dette på når dei får det til.
Kva med «unnskyld»?
Å reparere relasjonsbrot er viktig å lære, sjå eigen del om det, men å seie «unnskyld» kan ofte verke mot si hensikt. Ordet unnskyld gjer ingenting godt utan at det blir gitt med forståing av at ein har gjort noko ein ikkje burde, at ein kjenner at ein er lei seg for det, og at ein har eit genuint ønskje om å ikkje gjere det igjen. Å seie unnskyld for å ha gjort det, eller fordi vaksne krev det, kan gjere vondt verre.
Om barn på eige innitiativ vil seie unnskyld til kvarandre i konfliktløysing må dei gjerne gjere det. Nokre vil også gi ein klem, eller på andre måtar vise at dei er lei seg og vil vere venner. Når dette kjem frå barna sjølv er det fint og ekte.