Barnehagen er kanskje den aller viktigaste arenaen vi har til å førebygge mobbing. Sett og møtt riktig, kan barn som ville utvikla mobbeåtferd å ta med vidare inn i skole og arbeidsliv, heller få utvikla gode sosiale ferdigheiter som dekker behov på gode måtar. For menneske har mange behov, og ofte vil jo våre eigne behov krasje litt med behova til dei rundt oss, og då kan det lett bli trøbbel. Eller mobbing.
Det er vanleg å dele førebygging inn i tre nivå, og det gjeld også mobbing i barnehagen:
1. Universelt nivå – alle heile tida
På universelt nivå handlar det om korleis vi legg til rette for at barn skal ha det bra saman, utan å måtte ty til handlingar for å dekke behova sine som går ut over andre. Det kan vere alt frå korleis vi organiserer leik, korleis vi sjølve er med i leiken, til å samtale med barna om vennskap/verdiar/reglar/gode veremåtar.
Det er fint å hjelpe barn å utvikle kunnskap og språk om mobbing. Hjelpe dei å forstå at det er heilt naturleg for barn å streve litt med å finne dei gode måtane å vere saman på, og dermed å trenge litt hjelp og støtte for å klare å gjere det som er bra både for seg sjølv og andre. Vi kan lære barn forskjellen på å gjere noko slemt og å vere slem. Det er viktig for å unngå at barn utviklar negativ sjølvfølelse når dei har gjort noko dumt. Barn som trur dei er dumme/slemme/feil, kan lett venne seg til å få dette bekrefta frå andre via gjentekne handlingar som beviser det. Det er svært nyttig å hjelpe alle barn til å ha trua på seg sjølv som gode barnehagevenner som klarer å ha det fint saman med andre. Alle kan gjere feil av og til, og så får vi nye sjansar og prøver å gjere det betre neste gong.
Å bruke materiell frå Livet&Sånn saman med barna, og vaksne saman, er eit universalførebyggjande tiltak mot mobbing.
2. Selektert nivå – grupper ved bekymring
På selektert nivå handlar førebygging blant anna om å vere tett nok på til å klare å oppdage. Det kan vere vanskeleg. Også heilt små barn har forstått at det er best at vaksne ikkje ser når ein gjer noko slemt mot andre barn. Mykje vil difor vere «usynleg» for oss. Og samtidig er det nok av ting vi kan oppdage om vi er nær nok, og ikkje minst – at vi veit kva vi ser etter.
På selektert nivå vil vi ofte vere klar over at nokre av barna har utvikla måtar å vere saman med andre barn på, som ikkje er bra for alle. Kanskje ein liten gjeng som vil bestemme og sette føringar for kven som får vere med, kva som er greitt å leike med eller ha på seg. Eller nokre barn som har funnet ut at dei kan få tak i alle dei attraktive leikene ved å vere truande i kroppsspråket sitt. Når ein oppdagar dette bør dei vaksne snakke saman og lage ein strategi for korleis dei skal forhindre at dette fortset eller blir verre.
- Kanskje er det lurt å samtale litt med dei det gjeld? Fortelje kva ein har sett, gi uttrykk for at ein forstår kva som kjennast bra med å gjere slik (barna oppnår jo noko med det), og samtidig vise kva som ikkje er bra for barnet og andre barn med å gjere slik.
- Kanskje kan ein involvere seg tettare i leiken? Vere nærare, og ta del, for å få moglegheit til å hjelpe barna til betre måtar å vere saman på?
- Kanskje kan ein legge til rette for aktivitetar der desse barna ikkje får moglegheit til å bruke dei negative strategiane sine, men har det fint saman på andre måtar?
3. Indikert nivå – individ ved behov
På indikert nivå har mobbinga etablert seg. Nokon blir utestengt over tid, blir kalla stygge ting, blir erta eller plaga. Då har vi plikt til å lage ein plan for korleis det kan stoppast. Planen skal i følgje Udir innehalde:
- kva problem som skal løysast
- kva barnehagen har planlagt
- når tiltaka skal gjennomførast
- kven som skal gjennomføre tiltaka
- når tiltaka skal evaluerast
Men kva er gode tiltak når barn mobbar eller blir mobba? Her må vi skilje mellom tiltak for dei som mobbar og dei som blir mobba – og begge deler er like viktig!
Tiltak for dei som mobbar:
Samarbeid med heimane blir ofte nemnt som tiltak mot mobbing, og det er sjølvsagt viktig at vaksne heime og i barnehagen forsøker å møte barnet på liknande måtar. Men det er liten grunn til å forvente at foreldre til barn som mobbar kan få barnet til å forstå at det ikkje må mobbe. Foreldre bør ikkje kjefte, eller vere sinte på barnet sitt som har mobba. Alle vaksne rundt barnet bør prøve å forstå kva behov barnet prøver å dekke gjennom mobbeåtferd. Handlar det om behovet for å høyre til i eit vennefellesskap? Handlar det om at barnet ikkje har det bra sjølv/har det vondt inni seg, og forsøker å overføre dei vonde følelsane andre? Eller handlar det om at barnet har oppdaga at mobbehandlingar kan føre til makt og/eller underhaldning?
Så er neste oppgåve å finne ut korleis dette barnet kan få dekt desse behova på måtar som ikkje går ut over andre? Er det noko dei kan trene på heime? Noko barnet kan få snakka om? Treng barnet mykje støtte, god mentalisering og validering?
Det er bra for barn å oppleve at dei bli elska uavhengig av korleis dei er og kva dei gjer. Også foreldre kan trenge hjelp til å skilje mellom handlingar og person. At barn blir sett på som eit snilt og godt barn, som av og til gjer dumme ting, er meir hjelpsamt enn å bli sett på som håplaus og rampete. Barnet som krenkar andre treng også hjelp til å bygge ein god sjølvfølelse.
Gode tiltak for barn som mobbar inneber å etablere ei rolle for dei der dei er gode og snille barn, og får hjelp til å dekke behova sine på gode og snille måtar. Kjeft, konsekvensar, straff og strenge blikk vil derimot kunne etablere ein dårleg sjølvfølelse, og ei rolle der ein forventar å bli møtt med sinne og frustrasjon, og dermed bekreftar denne.
Sjå «Korleis gripe inn for å stoppe mobbing?» for tips om korleis handtere mobbing når det skjer.
Tiltak for dei som blir mobba:
Barn som blir mobba risikerer store og langsiktige konsekvensar, så det er ekstremt viktig å oppdage og gripe inn tidleg nok.
Gode tiltak er todelte: få mobbinga til å slutte + bygge opp att ein god sjølvfølelse.
For å få mobbinga til å slutte betyr det i praksis at vi vaksne må vere tettare på ei tid. Vi må vere der barnet er for å kunne gripe inn tidleg nok. Vi bør også strekke oss langt for å etablere gode vennerelasjonar dette barnet kan vere i. Kanskje ikkje med dei barnet blei utestengt av, men med nokon som opplevast trygge for barnet. Og kanskje kan dei etter kvart også ha det trygt og fint saman med dei som før utestengde, når desse har fått hjelp til å endre sin veremåte.
Når barn har blitt utsett for ulike typar mobbing og utestenging, har dei blir sett på og snakka til med avsky og forakt. Desse blikka og orda har ein lei tendens til å «flytte inn» i barnet, og bli med vidare i barnet sin måte å snakke til seg sjølv. Barn kan fortsette å «mobbe seg sjølv» etter at mobbinga har tatt slutt. Fortsette å føle seg mindre verd, mindre bra, ekkel, rar, dum, eller feil. Barnet vil kunne bere vidare på ein skamfølelse sjølv om barnet sjølv ikkje har gjort noko feil.
Når barn sin sjølvfølelse er trua på grunn av mobbing treng denne massiv oppbygging. Barnet treng erfaringar i relasjonar med andre som viser at barnet er mogleg å like, at barnet er ein å vere glad i, ein andre er glad for å sjå, ein andre likar å vere saman med. Vis at de set pris på å vere saman med barnet!