Å gjere godt igjen når vi har sagt eller gjort noko dumt, er veldig smart. Det reparerer relasjonsbrot og gir nye sjansar i vennskap.
Det viktige å huske er at det ikkje er ordet «unnskyld» som reparerer, men opplevinga av at den andre forstår at ord/handling gjorde vondt, at den angrar, er lei seg og har eit ønske om å reparere.
Når vaksne krev at barn skal sei unnskyld til andre, skjer det ofte utan at/før barnet er klar til å gjere det på ein god måte. Det merkar den ein seier unnskyld til. Ofte krev vaksne også at den som blir sagt unnskyld til skal akseptere unnskyldninga og sei «det er greitt» eller liknande. At dette liksom er ferdig, for no har barnet sagt unnskyld. Tanken om at «unnskyld» + «det er greitt» reparerer når noko dumt eller vondt har skjedd mellom to barn var sikkert logisk ein gong, men no veit vi at det ikkje er hjelpsamt. Det viktige for begge partar er at den som gjorde noko dumt forstår at dette ikkje var bra, at det gjekk ut over nokon, og forsøker å reparere på ein god måte. Det kan vere mange måtar å vise andre at ein angrar og vil gjere godt igjen. Ordet unnskyld kan vere ein del av det, men treng ikkje vere det.
Ein klem, ei teikning, å gjere noko snilt, vise med blikk og kropp at ein angrar og vil vere venner, er alternative måtar.
Vi vaksne kan også bli betre på å reparere relasjonsbrot. Sjå filmen om dette:
Les gjerne desse også: