Til deg som skal bruke dette med barn

For temaet familie og mangfald har vi teikna 12 ulike familiar. Bilda kan brukast på fleire måtar og mellom anna til å lære om mangfald i familiar, i utsjånad, i kultur og i religionar og livssyn.

Illustrasjon som viser bildevegg med 13 ulike familiebilder - Klikk for stort bilete

 

 

Kvifor bruke dette materiellet med barna?

Litt forenkla sagt så er materiellet om Følelsar laga for å utvikle emosjonell kompetanse og Barnehagevenner for å utvikle sosial kompetanse, men kva er hensikta med temaet Familie og mangfald? 

Det å oppleve å høyre til og passe å inn er svært viktig for god psykisk helse. Heilt frå babyar blir født samspelar dei aktivt med menneska rundt seg fordi tilknyting sikrar overleving og positiv utvikling. I alle flokkar vi vert ein del av vil vi kjempe for å passe inn, bli sett, likt og inkludert. 

Vi menneska søker ofte det som er kjent, trygt og likt oss sjølve meir enn det som er annleis. Så sjølv om mangfald er ein viktig verdi i samfunnet vårt, er det likevel ikkje alltid lett å skilje seg ut frå majoriteten av gruppa. 

Det er mange måtar å skilje seg ut på, og familiesamansetning er ei av dei. Kjernefamilien med to heterofile foreldre og felles barn som bur saman er framleis mest vanleg. Sjølv om variasjonen i enkelte barnehagar etter kvart er stor, kan barn likevel ha nytte av at det vert satt ord og bilde på at det å ha andre familieformar er akkurat like bra, og heilt greitt. 

Rasisme er framleis noko vi må jobbe aktivt for å forhindre. Når ein er lys i huda kan ein med dei beste intensjonar gi uttrykk for at ein ikkje «ser» hudfargar og ikkje tenker over at menneske har ulike etniske opphav, eller høyrer til ulike religionar. Likevel er erfaringane til mange av dei som høyrer til minoritetsgrupper at dei blir møtt annleis på grunn av hudfarge, utanlandske namn eller synlege religiøse kjenneteikn. Difor kan det verke førebyggande å lære om mangfald allereie i barnehagen, sjølv om barna enno gjerne ikkje tenker over eller bryr seg om slikt.

Hovudhensikta med dette materiellet er å bygge gode haldningar og verdiar, eit medvite språk om det og dei som har andre kjenneteikn enn oss sjølve, for å førebygge mobbing og utanforskap.

I boksane under kan du lese forklaringar og tips om korleis materiellet kan brukast til å lære om ulike undertema: