Iver er ein god følelse, den kan likne litt på følelsen glad, men har likevel nokre trekk som gjer den til ein heilt eigen følelse. Iver er ein kjempeviktig følelse for oss menneske, og den hjelp oss med alt frå å stå opp om morgonen, til å skape eller utvikle nye prosjekt og vedlikehalde relasjonar. Ein kan kanskje tenke på iver som ei slags drivkraft, den dyttar oss i ei bestemt retning og bidreg til at vi føler meining i livet. Av og til føler vi iver når vi er i flyt, altså når vi er veldig konsentrert om det vi driv med og nesten ikkje merkar kva som skjer rundt oss. Ein kan til dømes føle iver knytt til kreativitet, i sosiale settingar, når vi er publikum, når vi prøver noko nytt og spanande eller når vi gjer noko vi verkeleg meistrar godt. Nokre har lett for å føle iver, medan det hos andre kan kreve litt meir før følelsen kjem. Vi kan føle iver som små, sprudlande drypp, eller i litt lengre periodar der vi konsentrerer oss djupt om noko vi liker. Iver gir oss nyttig informasjon om kva som er viktig for oss.
I kroppen kjennast iver gjerne lett og ukomplisert. Vi kan bli trippande, dansande eller sjå meir rolege ut på overflata (sjølv om det boblar på innsida). Fordi iver gjerne kjem når vi er opptekne av noko utanfor oss sjølve, er det ikkje alltid vi kjenner så nøye etter i kroppen. Vi er berre her og no i det vi driv med, eller i det som skjer rundt oss. Vi kan ofte få nye idear når vi føler iver, og nokre av oss blir meir impulsive. Andre gongar igjen kjem iver saman med djup konsentrasjon, og vi har tenkehjernen godt kopla på saman med iveren.
Korleis kan du som vaksen støtte eit barn som føler iver?
Sjølv om iver tilsynelatande kan høyes ut som ein lite komplisert følelse, er denne også lur å validere. Er vi gode på å sjå, inntone oss og validere ivrige barn, er vi med på å bygge opp sjølvbilde og sjølvfølelse på ein god måte. Heldigvis er dei fleste no einige om at barn skal få vere barn, likevel er delar av samfunnet vårt lagt opp slik at barna helst skal sitte stille og snakke med innestemme. I barnehagen er grensesetting og struktur absolutt viktig, samtidig er det viktig å tenke etter om det er mogleg å grensesette på ein måte som let iveren få blomstre vidare. Vi kan for eksempel seie «No ser eg at du er heilt klar for å kome i gang med leiken! Det er kjempebra. No skal vi berre synge ein song saman, og så er det leiketid» eller "Åjåjåj Per, no seg eg at du har det veldig gøy! Greide du og Pål å springe såå fort?! Veit du, eg syns og det er veldig gøy å springe fort, men her i barnehagen må vi springe når vi er ute, ikkje inne. Skal vi lage ein avtale om at vi tre kan springe fort saman etter at vi har gått ut?" Det er også fint om vi kan legge til rette for arenaer der barna innimellom kan få vere ivrige utan at vi vaksne rammar det for mykje inn.