Kvifor bør barn få lære om følelsar i barnehagen?
I rammeplan for barnehagen står det at «Barna skal få støtte i å mestre motgang, håndtere utfordringer og bli kjent med egne og andres følelser.» (Livsmestring og helse (udir.no)) Det er mange måtar å bli kjent med eigne og andre sine følelsar på. Dei vaksne har viktige roller i å vise at dei legg merke til barna sine følelsar, vise at dei prøver å forstå følelsen, møte denne med validering og støtte barna til å handtere følelsen. Livet&Sånn har laga filmar og refleksjonsoppgåver for å hjelpe vaksne heime og i barnehagen til å bli gode på dette.
I tillegg til dette kan barna bli kjent med eigne og andre sine følelsar gjennom bøker eller illustrasjonar og samtalar i samlingsstund eller elles. Dette materiellet er laga for det.
8 følelsar
Vi har valt 8 følelsar. Dei fleste av desse er vi fødde med og vi ser dei ofte hos dei små barna. Skam og skuld er litt annleis, då desse følelsane i stor grad er det vi kallar relasjonelle, og utviklar seg meir etterkvart. Dei kjem for å minne om at ting vi gjer, eller måten vi er på, ofte må vere innanfor det andre medlemmar i flokkane våre aksepterer. Dette er vonde følelsar som kan skape trøbbel, også for barn. Vi meiner derfor at det er nyttig at dei eldste barna i barnehagen også får lære om desse. Ro og Iver passar nok også best for dei eldste barna. Følelsane glad, sint, trist og redd kan de også bruke med dei minste barna, men reduser mengden informasjon og snakk heller meir om det de ser på teikningane.
Følelsar har som jobb å varsle oss om kva som er viktig for oss, om situasjonar som er farlege, om korleis vi har det her og no og om kva behov vi har. Alle følelsar kjem med eit uttrykk, ein kroppsleg reaksjon, ein beskjed og eit behov. Viss vi skal kunne forstå beskjedane og møte behova på ein smart måte, er det lurt å vite noko om korleis dei ulike følelsane kjennes, kva dei vil fortelje oss og kva som gjorde at dei dukka opp.
Frå abstrakt til konkret
Det er mogleg å sjå korleis følelsar endrar ansiktsuttrykk og kroppsspråk utanpå oss, men vi kan ikkje sjå korleis dei jobbar inni oss. Noko av kunnskapen om følelsar blir difor abstrakt og kan vere vanskeleg for barn (og vaksne) å forstå. Vi har prøvd å konkretisere den ved at kvar følelse er teikna som ein eigen figur. Den har ein farge, ei form og eit uttrykk. I tillegg har vi teikna eit barn som har denne følelsen, og som viser det i ansikt og kropp. For å forklare korleis følelsen verkar inni kroppen, har vi også plassert følelse-figuren inni barnet sin kropp. Denne er på besøk der ei lita stund når barnet kjenner følelsen, men den er der ikkje heile tida. Følelsar kan merkast i ulike delar av kroppen, og dei kan vere store eller små. Figurane kan gjere det lettare å forklare dette for barn.
Korleis bruke materiellet
Reint praktisk har vi laga 3 store samtalekort for kvar følelse. Desse kan de skrive ut, laminere og ta med i samlingsstund. Barna ser illustrasjonen på framsida, og den vaksne har teksta si på baksida. Om de har tynt papir i skrivaren kan de med fordel skrive det ut på to ark som de legg med ryggen mot kvarandre og laminerer. Då vert den mindre gjennomsiktig. Bruk den målforma som passar deg best.
Vi har også laga plakatar med alle bilda for kvar følelse, og andre plakatar, kort og fargeleggingsark de kan bruke på ulikt vis. Plakaten om kva som kan hjelpe følelsar passar også til å bruke i samlingsstund.
Bruk materiellet omtrent slik i samlingsstund:
- Høyr «Følelser er bra å ha» frå ein musikkstrøymar, eller sjå musikkvideoen på YouTube om de har skjerm. Fortel at vi skal bli kjent med desse følelsane, og nokre til. Barna kan gjerne lage bevegelsar til eller danse.
- Introduser først følelsen gjennom arket med figuren og spørsmåla bak. Bruk gjerne meir enn ein gong på denne
- Fortsett med same følelse, men bruk no den med barnet som viser følelsen (og spørsmåla bak).
- Forsett med same følelse, men bruk den med følelsen i kroppen. De kan gjerne skrive ut og klippe opp fleire småfigurar som dei kan henge på.
- Bruk i tillegg plakaten som viser alle 3 teikningane, både for å repetere eller snakke om følelsen ved behov.
- Plakaten som viser ulike måtar å hjelpe på kan de bruke både når de snakkar om dei ulike følelsane, eller som eigen økt.
I tillegg kan de gjerne:
- Skrive ut ark til fargelegging. Kanskje får de gode samtalar om følelsane medan barnet teiknar?
- Skriv ut plakatane for kvar følelse og heng dei opp i barnehøgde. Kanskje kan barnet få peike på følelsen hen kjenner seg att i ved behov?
- Ha gjerne plakaten med «Kva hjelper følelsar» i same område. Kanskje kan barnet også få peike på kva hen har behov for no for å få det betre?
- Skriv ut og laminer korta som viser dei ulike følelsane og kva som hjelper, og bruk desse i samtale eller som eit «spel» til å snakke rundt.