Ro er ein god følelse som kanskje best kan beskrivast som fråvær av vondare følelsar, som til dømes sinne, redsel, frustrasjon eller bekymring. Å føle ro er eigentleg i stor grad det same som å føle seg tilfreds, men vi har valt å bruke ordet «ro» sidan yngre barn som regel ikkje har «tilfreds» i ordforrådet sitt.
Når vi føler ro har vi det trygt og godt, vi slepp å bekymre oss eller vere redde for noko der og då. Vi kjenner kanskje omgivnadane godt, eller er saman med andre som er trygge og kjente. Vi kan og kjenne ro i situasjonar der vi er heilt aleine på heilt nye stadar, då ligg det gjerne til grunn av vi har ei oppleving av ha kontroll eller oversikt. Vi menneske er også ulike når det gjeld kor mykje og kor lett vi bekymrar oss eller blir urolege, difor vil det også vere menneske som kan føle ro i tilsynelatande hektiske eller kaotiske situasjonar.
Når vi føler ro kan vi vere både fokuserte på andre, eller meir i vår eiga boble. Av og til kan vi gløyme tid og stad, eller blir søvnige. Det er ikkje alltid vi kan sjå på utsida om nokon føler ro inni seg. Følelsen ro er ikkje avhengig av at kroppen skal vere i ro. Vi kan kjenne ro sjølv om vi går ein tung oppoverbakke i naturen, eller held på med fysisk tungt arbeid. Og omvendt kan vi sjølvsagt kjenne uro sjølv om vi ligg heilt stille og ikkje skal noko anna enn å sove.
Korleis kan vi vaksne støtte barn i å kjenne ro?
Ro er ein god følelse å ha, og det er også ein følelse som kan vere nyttig for å fungere med det vi skal i kvardagen. Difor kan det vere lurt å støtte barn til å kunne kjenne ro når den er der, og til og med hente fram ro ved behov.
Når barn allereie viser ro, er det fint å validere. «No ser det ut som du har ei god ro inni deg. Så godt det ser ut! Du smiler og ser ut som du har det trygt og godt. Det gjer meg litt roleg også. Snart skal vi i gang med ein aktivitet her, men du rekk å vere i roa di litt til før det.»
Når barn er viser indre uro, bekymrar seg eller slit med å sovne, kan det vere fint å hjelpe dei å hente ro-følelsen inn til seg. Etter kvart som barn vert større kan dei ofte klare å finne roa sjølv, men dei minste treng ofte ro gjennom å bli regulert av ein roleg, trygg vaksen som gir barnet ro på gode måtar. Det er fleire måtar å gjere det på. Nokon likar å finne roa med musikk, sitte på fanget litt, fokusere på ei fin bok eller snakke litt. Det å sitte på dissa, eller på eit fang og gynge fram og tilbake kan vere ekstra fint. Mjuk stemme, synging, byssing, kanskje klappe eller klø på ryggen litt? Ro kjem også ofte av å ha fokuset på det vi er i akkurat no. Legge merke til og sette namn på ting de ser som er grønne, gule eller blå for eksempel? Drikke eit glas vatn og legge merke til korleis det kjennast i munnen og nedover halsen? Lukte på noko som luktar godt?
Ein annan måte er å lære barna å fokusere på pusten sin. Der er mange pusteøvingar som passar dei minste barna også. Blåse opp liksom-ballongar med veldig lange utpust for eksempel. Eller late som om de har eit lys i den eine handa og ein blome i den andre, og så skal de først blåse ut lyset med eit laaaangt pust gjennom munnen, og så snu dykk og lukte på blomen gjennom nasen. Gjenta dette nokre gongar, og plutseleg har kroppen forstått at det er trygt no.