Følelsen sint, eller sinne, er ein av dei universelle grunnfølelsane våre. Det betyr at ein kan sjå følelsen hos menneske i alle aldrar og alle stadar i verda. Vi kan bli sinte når vi opplev at noko er urettferdig, at nokon tråkkar over grensene våre eller truar noko som er viktig for oss.
Følelsen sinne gjer ofte at vi får lyst til å gjere noko, den gir oss på ein måte ei kraft til å handle. På same måte som med redsel, går hjartet og pusten raskare, blodet går frå indre organ og ut i musklane (som vi ofte strammar), vi rynkar kanskje augnebryna og vi kan føle oss varmare i både hovudet og kroppen. Vi snakkar kanskje høgare, eller får lyst til å rope når vi er sinte. Når vi er sinte får vi som regel redusert evne til å reflektere og resonnere på ein fornuftig måte. Det kan vere vanskeleg å sjå noko frå andre sin synsvinkel når vi er midt i eit stormande sinne. Heldigvis kjem denne evna vanlegvis tilbake når kroppen har blitt roleg igjen.
Sjølv om sinne er ein følelse som ofte fører med seg ein del trøbbel, er det viktig å hugse på at den i utgangspunktet har ein viktig funksjon for oss. Den gir beskjed om at noko ikkje er som det skal, eller om at vi føler oss trua. I si reinaste form gir den oss kraft til å setje grenser for oss sjølve, eller beskytte oss og dei vi er glade i. Likevel, er sinne ein følelse som ofte skapar forvirring eller rotar det litt til for oss. Sinne kan gjere at vi handlar før vi rekk å tenke, og før vi veit ordet av det, har vi sagt noko vi kjem til å angre på. Andre gongar blir vi sinte, når vi innerst inne er redde, triste eller kjenner skam. For nokon kan det vere for vanskeleg å kjenne på denne primære følelsen, og sinne er kanskje ein «enklare» og meir tilgjengeleg følelse for nokon. For andre igjen, kan det vere for vanskeleg å uttrykke sinne, og sinnet kan bli kamuflert av andre følelsar som glad eller trist. Sjå gjerne filmen om forvirrande følelsar.
Korleis kan du som vaksen støtte eit barn som føler sinne?
Barn som er sinte treng å bli sett, høyrt og validert. Det kan vere krevjande å validere sinne, særleg dersom det sinte barnet har gjort noko som ikkje er greitt. Då kan det hjelpe å hugse på at du ikkje treng å validere handlingane til barnet, berre følelsen. Når vi skal validere sinne, er det lurt å gjere det med riktig intensitet i stemma, bli litt med inn i følelsen til barnet når du seier noko slikt som: «No såg eg at du blei sint, og det er jo ikkje så rart at du blei sint når dette skjedde!.» Og om barnet har gjort noko dumt i sinnereaksjonen sin utvidar du med: «sjølv om vi blir sinte er det ikkje greitt å slå (eller det barnet gjorde).» Dersom du greier å vere roleg, trygg og god og i møte med sinte barn, aukar sjansen for at barnet også regulerer seg fortare.
Mange vaksne i dag har nok vore vande med utsegn som «Ikkje ver så sint da», «Gå på rommet ditt viss du skal vere så sint!» eller «Nei, slike sinte barn vil vi ikkje ha. Vis at du er stor jente no» frå eigen barndom. Då kan ein ha eit noko anstrengt forhald til sinne. No veit vi at det er lurare å validere, snakke om kvifor barnet blei sint og undre seg over kva barnet treng. Kanskje hadde det behov for å setje ei grense, seie frå om noko urettferdig eller beskytte seg. Av og til handlar sinnet om at barnet har misforstått noko, då kan vi få mykje igjen for å undre oss saman og snakke om kva som eigentleg skjedde. Heile vegen, uavhengig av årsaka til sinnet, er validering viktig. Viss eit barn sitt sinne som oftast blir møtt med interesse, validering og tryggheit, aukar sjansen for at det også seinare i livet kan romme og nytte følelsen på ein trygg og god måte.