Skam er ein følelse vi kan sjå hos barn, men først når dei er rundt 2-3 år gamle. Då har barnet fått evne til å reflektere over seg sjølv, og har lært å føle skam gjennom relasjonelle erfaringar.
Skam er ein av dei vondaste følelsane vi har. Ein følelse av å ikkje høyre til, ikkje vere god nok eller å vere grunnleggjande feil. Når vi føler skam er vi ofte tunge i kroppen og hovudet, vi kan få vondt i magen og få lyst til å gøyme oss eller forsvinne. Grunnen til at denne følelsen er ekstra vond, er knytt til det grunnleggjande behovet vi menneske har for tilknytning og kontakt med andre. Vi er sosiale flokkdyr som har behov for å høyre til saman med nokon få, eller mange. Når plassen vår i flokken er trua, kan skam raskt dukke opp. Dette kan til dømes skje om vi gjer noko som ikkje er akseptert i flokken, om andre påpeikar noko dei ikkje likar med oss, gir uttrykk for at vi ikkje fortener å vere med lenger, eller ikkje er god nok. Nokon gongar skjer dette berre gjennom eit skeivt blikk, himling med augene, eller andre kroppslege teikn flokken gir.
Fordi skam oppstår i relasjon med andre snakkar vi nokon gongar om å påføre andre skam. Det kan høyrest litt valdsamt ut, men det treng ikkje alltid vere så dramatisk. Ofte har vi små utsegn i kvardagen som kan gjere at andre føler skam, også barna vi har rundt oss. Vi som er vaksne i dag kan nok hugse å ha blitt fortalt at vi skulle «Gå og skamme oss» eller «Fy! Skam deg!». Det er ikkje like vanleg å seie dette til barn i dag, men utsegn som «Nei, no må du slutte, slik er det berre babyar som gjer» eller «No vart eg skuffa over deg, eg trudde du var stor» eller «Alltid må du øydelegge for alle andre!» har noko av den same effekten. Barnet kan få ein vond følelse av det ikkje er godt nok eller at det er noko grunnleggjande feil med dei (sjølv om dei ikkje alltid er i stand til å setje ord på denne følelsen).
Skam er ein komplisert følelse på veldig mange måtar. Innan fagmiljøet er det ueinigheit om skam er ein følelse som har ein nyttig funksjon for menneske, eller om det berre er ein svært vond følelse som skaper mykje uhelse i befolkninga. Dei siste åra har skam-ordet vore nytta i samansette ord som flyskam, kjøttskam og liknande. Tanken har vore at det å definere nokre handlingar som skamfulle, kunne føre til at fleire tok val som kan vere hjelpsame for klima og miljø. Dette kan sjåast som eit forsøk på å påføre folk skam. Det er sjeldan ein god ide. Skam er ein følelse som trykker ned, som binder energi, som hindrar vekst og utvikling i menneske uavhengig av alder. Og generelt sett er det sjeldan lurt å be folk om å føle noko dei ikkje føler av seg sjølv. «Dette burde du vere glad for» «Dette burde gjere deg så sint» «No bør du vere ferdig med denne sorga» «Du må jo heller kjenne deg takknemleg for alt som er bra!» - er alle typiske utsegn som prøver å få andre til å føle noko anna enn dei gjer. Og dermed utsegn som kan føre til skam, fordi ein får beskjed om at ein føler feil.
Noko av det som gjer skam ekstra komplisert er at vi menneske kan skamme oss over ting vi slett ikkje kan noko for. Vi kan skamme oss over familiemedlemmar, over korleis dei er, ting dei har gjort, eller økonomisk status. Vi kan skamme oss over at vi blir mobba. Barn, unge og vaksne som vert utsett for vald og seksuelle overgrep, kan skamme seg over at dette skjer med dei – sjølv om det ikkje er deira skyld og ansvar at dette skjer eller har skjedd. Vi tenker jo at skamfølelsen kjem for å minne oss om at vi må gjere endringar i måten vi er på slik at vi ikkje mistar plassen vår i flokken. Men i desse tilfella er det ikkje så mykje vi kan gjere sjølv for å endre det som skaper skam. Og dermed kan skammen ta stor plass over lengre tid, utan at det er så lett å hjelpe den. Vi veit at skam har ei betydeleg rolle utviklinga av psykisk uhelse, men også i mange somatiske sjukdomar.
Korleis kan du som vaksen støtte eit barn som føler skam?
Det viktigaste vi vaksne kan gjere er å forsøke å ikkje påføre barn skam gjennom måten vi ser på dei eller snakkar til dei. Barn treng mykje bekrefting på at dei er gode nok, rette nok, bra nok – akkurat slik dei er.
Det er lett for barn å tenke at det ein gjer er det same som det ein er. Altså – når eg gjer noko slemt, så er eg ein som er slem. Det å hjelpe barn til å skilje mellom dette kan vere viktig. «Ja, han gjorde noko dumt, men det betyr ikkje at han ER dum eller slem». «Det du gjorde i stad var ikkje greitt, men du – eg er glad i deg likevel. Du er ein god gut/ ei god jente sjølv om du gjer dumme ting av og til». Det er også supert om du kan sei noko som gjerne at barnet forstår at det er vanleg å gjere dumme ting av og til, til dømes: «Eg huskar ein gong når eg var liten og så (noko dumt du gjorde). Og da hadde eg det skikkeleg vondt inni meg etterpå altså!» Då forstår barnet at gode folk kan gjere dumme ting utan å bli dumme menneske av det.
Når du forstår at eit barn kjenner skam er det fint om du set deg ned på barnet sitt nivå og tonar deg inn med stemmen og kroppen din. Sei for eksempel: «No høyrest det ut som om du kjenner skam/ du skammar deg. Det er vanleg å føle skam når noko slikt skjer med oss, så eg forstår at du kjenner det sånn. Det gjer veldig vondt. Husk at sjølv om dette har skjedd, så betyr ikkje det at noko er galt med deg! Du er akkurat sånn som du skal vere. Og eg/vi likar deg veldig godt/ er glad i deg som du er». Så kan de snakke saman om kva de kan gjere saman for at dette skal bli betre.
Sjå gjerne filmane om validering og forvirrande følelsar.