Trist er ein av dei universelle følelsane våre, altså ein følelse vi kan sjå hos menneske i alle aldrar og over heile verda. Følelsen trist kjem når vi har mista, eller held på å miste, nokon eller noko som er viktig for oss. Nokon gongar har vi faktisk mista noko kjært, ein person eller eit dyr vi var glad i. Dei kan vere døde eller ha flytta frå oss. I slike tilfelle kan følelsen trist bikke over i sorg som er ein meir kompleks tilstand som varer mykje lenger enn følelsen trist gjer.
Andre gongar når vi er triste har vi ikkje faktisk mista noko, men det kjennes slik likevel. Vi har det ikkje akkurat no. Mamma og pappa er her ikkje akkurat no. Eg får ikkje vere med vennen min akkurat no. Vi kan forstå at vi får det igjen seinare, men akkurat no er det/dei borte for oss. Og det gjer oss triste.
Vi kan også bli triste av å miste ting, at noko blir øydelagt, eller ikkje er tilgjengeleg for oss når vi ønsker det. Vi kan bli triste når det er noko vi ikkje får til, vi mistar trua på at vi skal greie noko. Eller vi kan bli triste av tapet av relasjonar som framleis er der fysisk: vi er saman med vennen vår, men det er ikkje like gøy som det brukte å vere – vi har mista den intense lukka av å ha det godt saman, noko har endra seg i relasjonen og det gjer oss triste.
Når vi er triste kan vi ofte føle oss tunge i kroppen, klump i magen, eit trykk i brystet eller klump i halsen. Mange gret når dei er triste, medan andre ikkje tek like lett til tårene. Likevel kan tristheita vere like sterk. Følelsen trist fortel oss noko om kva som er viktig for oss, vi blir sjeldan triste av å miste noko som ikkje har verdi for oss. Når vi er triste har vi ofte behov for trøyst og omsorg frå andre. Av og til kan vi på ein merkeleg måte like å føle oss litt triste, til dømes når vi ser filmar eller les bøker som gjer oss triste. Det kan gjere godt å gråte litt av og til.
Korleis kan vi vaksne støtte barn som er triste?
«Ikkje ver lei deg, dette går så bra så.» Høyrest det kjent ut? Eit klassisk eksempel på forsøk på trøyst. Og kanskje verkar det også trøystande dersom det vert sagt med inntoning, omsorg og varme. Det rare er at det å fortelje andre kva dei skal eller ikkje skal føle (ikkje ver lei deg) sjeldan er ein god ide. Når barnet er trist bør det få lov å kjenne seg trist litt, men helst få sleppe å vere trist aleine. Det å vere saman med barna i dei følelsane dei har ei lita stund, får følelsane mykje raskare til å gå over enn å be dei slutte å føle det dei føler. «Er du lei deg no? Jaa, det ser eg. Ååå. Kom her til meg du. Blei du lei deg når mamma drog på jobb? Ja det forstår eg godt. Det er heilt vanlig å bli lei seg av og til! - - - Går det litt betre no? Skal vi gå og finne på noko du kan leike med? Mamma og pappa kjem og hentar deg etterpå veit du. I mellomtida skal vi ha det fint saman her i barnehagen. Kom så går vi inn.» Dette er ein kombinasjon av validering og avleiing. Først bli med inn i følelsen, så avleie inn i aktivitet etter litt. Det er lov å vere lei seg. Det gjer godt å bli forstått når ein er det. Og det gjer godt å få hjelp til å kome seg ut av det etter litt tid.