Barn som pårørande til rus

Her finn du eit samtalebilde med støttetekst som kan brukast for at barnehagebarn får lære 

  • kva rus er, 
  • at rus kan påverke vaksne sin veremåte og evne til å ivareta barn, 
  • at det aldri er barn si skuld at vaksne rusar seg, og 
  • at det er lurt å fortelje om det til andre vaksne om barn har det slik heime.
Illustrasjon som viser ein bamsevaksen som ligg på sofaen, eit bamsebarn som leitar etter mat i eit tomt kjøleskap, og eit lite bamsebarn som sit på golvet og er lei seg. Det er rot og tome alkoholflasker rundt i rommet. Illustrasjon som brukast med barn for å snakke om rus i heimen. - Klikk for stort bilete

Skriv ut ein av desse, gjerne i A3-format. Laminer og bruk med barna i samlingsstund:

 

Om temaet for dei vaksne - RUS

Rus er eit sårbart tema fordi grensene for kva som er trygg eller uforsvarleg bruk av rus når ein har ansvar for barn, ikkje er heilt klare. Nokre meiner at vaksne aldri skal drikke alkohol når barna er der, - andre meiner eit glas eller to er heilt naturleg og uproblematisk.

Det er mykje som tyder på at det beste for barn er at vaksne ikkje brukar nokon form for rusmiddel i samvær med barn. Barn er sensitive og merkar svært godt at omsorgspersonar endrar seg når dei drikk alkohol. Rus som omsorgssvikt er likevel noko anna.

Når de snakkar med barna om rus vil det vere sannsynleg at barna koplar det til dei vinflaskene dei eventuelt har møtt på ferie eller i selskap dei har vore i. Difor har vi prøvd å vinkle temaet til å handle om det å ikkje bli tatt vare på fordi den vaksne ruser seg for mykje. Dei fleste vaksne vil vere einige i at når rusbruk fører til at kjøleskapet er tomt, og barna ikkje har klede å ha på seg, og ikkje blir passa på – då er det over i den kategorien der det ikkje kan fortsette å vere slik. Då treng ein hjelp.

Rus kan også føre til konsekvensar som er mindre synlege, som at det forstyrrar eller skadar tilknytinga mellom barnet og forelderen. Barn som veks opp som pårørande til rus kan få ein mengde eigne vanskar på område som søvn, konsentrasjon, regulering av følelsar og handlingar, tillit i eigne nære relasjonar, og seinare med psykiske lidingar og eige rusbruk. 

Det er svært viktig at barn veit at det ikkje er meininga at ein skal ha det slik heime. Barn skal vite at det er dei vaksne i familien som har ansvaret for at barna har det bra, og ikkje omvendt. Alle barn må også vite at det er viktig og lov å seie frå til nokon dei stolar på om korleis ein har det heime – sjølv om nokon seier det skal vere hemmeleg. Barn bør også få høyre at barnevernet er noko det er bra at vi har. At dei finnast fordi alle barn har rett til å ha det trygt og godt heime også.

Det er godt dokumentert at barn som veks opp i heimar med rus tek skade av det. Difor må vi som møter barn og foreldre vere opne for å oppdage når dette blir eit problem. Vi må tørre å sette ord på det vi er urolege for, og spørje direkte om det vi mistenker stemmer, og tilby å formidle hjelp eller vurdere å melde bekymring til barnevernstenesta.

Lær meir om temaet:

·        1. Rusmiddelbruk i et barne- og familieperspektiv | KORUS

·        Barn som pårørende til rusmisbrukere - Helsenorge

·        Barn som pårørende av rus og alkohol i familien - Blå Kors (blakors.no)

·        BARNESPOR | Når barn er pårørende innen rus og psykisk helse