Barn som pårørande til sjukdom

Her finn du eit samtalebilde med støttetekst som kan brukast for at barnehagebarn får lære om

  • å vere pårørande ved sjukdom i familien
  • at det fører til mange ulike, samtidige følelsar
  • at barn ikkje har ansvar for sjukdomen, eller at den sjuke skal bli frisk
Illustrasjon av bamsefar som viser teikn til at barna må vere stille utanfor soverommet der sjuk mor ligg og søv. Dei to bamsebarna er triste. Dette er illustrasjonen på snakkebildet for dette temaet. - Klikk for stort bilete

Skriv ut ein av desse, gjerne i A3-format. Laminer og bruk med barna i samlingsstund:

Om temaet for dei vaksne

Mange barn opplever korte eller lange periodar der nokon i familien er så sjuke at det påverkar korleis familien har det, i løpet dei åra dei går i barnehagen. For nokre har det kanskje vore slik heilt sidan dei vart fødde, og dei veit ikkje om noko anna. For andre skjer endringa etter kvart, og medfører nye erfaringar, tankar og følelsar. 

Små barn er ofte svært sensitive for endringar i heimen fordi dei er så avhengige av familien sin. Difor treng dei nok, og tydeleg nok, informasjon til å kunne forstå. Då slepp dei å lage sine eigne forklaringar på det dei opplever. Foreldre, eller andre vaksne, bør difor fortelje barn enkle, sanne versjonar om sjukdomen, og svare på barna sine spørsmål så godt dei kan. Det kan sjølvsagt vere skummelt for barnet å vite, men å lure er ofte verre. 

Sjukdom i familien kan påverke barn på svært mange måtar:

  • Kanskje må dei vere stille og ikkje bråke, ikkje forstyrre den som er sjuk?
  • Kanskje har den sjuke forandra utsjånad eller veremåte og verkar meir framand?
  • Kanskje er den friske meir sliten, meir bekymra, meir frustrert, og strevar med å strekke til?
  • Kanskje blir dagane i barnehagen lengre for å få alt til å gå opp?
  • Kanskje pregar sjukdom all stemning i heimen, også når andre kjem på besøk? 
  • Kanskje møter barnet bekymra ansikt der det før møtte glede og latter?
  • Kanskje fører sjukdomen til økonomiske endringar i familien, som påverkar kva familien har råd til å handle inn eller delta på?
  • Kanskje påverkar det barn sine vennskap, av di det kan verte vanskelegare å gå på eller få besøk?
  • Dersom den sjuke har nedsett immunforsvar kan det også føre til at barn vert redd for å ta med smitte og dermed vert meir redd for bakteriar og virus
  • Når dei vaksne er prega av sjukdom kan barnet også føle at dei heile tida må vere snille og flinke, og ikkje seie eller gjere noko som kan føre til meir tristheit i familien.
  • Barnet kan også sørge over tapet av relasjonen slik den brukte å vere før, samt vere bekymra og engsteleg for kva som kjem til å skje vidare.

 

Kva barnehagen kan gjere for å hjelpe barnet og familien:

Barnehagen er svært viktig for barn som er pårørande av mange grunnar. Det gir moglegheit til å vere i eit fellesskap og ha daglege rutinar i ein arena som ikkje er prega av sjukdom og bekymring. Her kan barnet få lov å gløyme det som er vanskeleg heime ei stund, men barnet vil sjølvsagt ikkje klare å fortrenge det heilt. Plutseleg dukkar følelsane opp i barnet, og kan vise seg ved at barnet blir stille, distansert, trist/lei seg, eller blir fortare og meir sint. Då er det fint om dei vaksne er gode på mentalisering og å hjelpe barn med følelsane. 

Til dømes kan eit barn som blir sittande aleine og stirre ut i lufta i staden for å bli med i leik ha nytte av at den vaksne spør «Tenker du på mamma no? Eg forstår at det er trist/skummelt/frykteleg urettferdig at mamma er sjuk! Har du lyst å snakke om det litt?/Vil du sitte litt på fanget?/Skal eg hjelpe deg å finne på noko du kan gjere på? Kom å bli med meg du!» Det er mange ting som kan regulere barnet sine følelsar. Det kan vere aktivitetar der barnet får bearbeide følelsane gjennom å snakke litt, sjå i ei bok som handlar om temaet, teikne det barnet tenker på, eller teikne noko til den barnet tenker på. Etter den vaksne har møtt barnets følelse kan det også vere fint med aktivitetar som avleier tankar og følelsar, aktivitetar der barnet får bruke kroppen litt, eller leike med andre, eller lese i favorittboka eller hjelpe den vaksne med noko praktisk.

Dersom barnet reagerer med sinne/frustrasjon/aggresjon på det som er vanskeleg heime, også i leik- eller samspelssituasjonar i barnehagen, er det fint om de klarer å sjå at det er det som skjer. Sei gjerne til barnet at det er mange barn som blir sinte når dei eigentleg er triste eller lei seg. Det er heilt vanleg. Det er litt dumt fordi det ofte kan gå ut over andre barn, og dermed går det også ut over dei sjølv – fordi andre barn synes dei øydelegg leiken eller blir valdsame. Det er mykje vi kan gjere for å førebygge slike utbrot. Til dømes om det ofte er i garderoben på veg ut at det blir vanskeleg, kan ein sørge for at dette barnet alltid er i første (eller siste) gruppe som kler på seg. Når fungerer barnet elles godt? Kan de gjere meir av dette?  Sjå eventuelt om det er mogleg å lage avtalar om kva barnet kan gjere når det kjenner at det vanskelege/vonde bygger seg opp inni dei og vil ut. Kan de ha eit hemmeleg teikn? Ein plass barnet kan få gjere noko som kjennes godt for den urolege kroppen? 

Lær meir om temaet: