Barnevernet

Her finn du eit samtalebilde med støttetekst som kan brukast for at barnehagebarn får lære om

  • kva barnevernet er og korleis dei kan hjelpe
  • at det aldri er barna sin feil når omsorgspersonar ikkje greier å ivareta dei godt nok
Illustrasjon som viser fire bamsevaksne som sit rundt eit sofabord, Eit lite bamsebarn gøymer seg bak foreldra sine. Illustrasjon som brukast for å fortelle barnehage barn om barnevernet. - Klikk for stort bilete

Skriv ut ein av desse, gjerne i A3-format. Laminer og bruk med barna i samlingsstund:

Om temaet for dei vaksne 

Barnevernet er viktig, fint og bra, og barnevernet kan virke skummelt. Begge delar på ein gong. For å sikre at alle barn faktisk får oppfylt retten sin til å ha det trygt og godt i familien sin, må vi ha eit system med eit lovverk og ei teneste som gjer det mogleg å undersøke om eit barn nokon er bekymra for har det bra nok, og nokon som kan gi den hjelpa som trengs for å få det betre. 

Likevel er mange vaksne og barn redde for barnevernet. Barnevernet kan bli brukt, snakka om eller opplevd som trussel heller enn som hjelp. Historier som når fram til media og sosiale media skapar ofte eit villeiande bilde av kva barnevernet gjer, og då er det ikkje rart at mange er skeptiske.

Difor er det viktig at vi snakkar om barnevernet slik at barn og familiar som treng hjelp både sjølv tørr å be om slik hjelp, og lettare klarer å ta i mot hjelpa dersom det er andre som har meldt bekymring som fører til undersøking.

Jegvet.no har laga eit veldig fint opplegg for å forklare barn kva barnevernet er. Vi anbefalar å bruke dette saman med barna: Hva er barnevernet? / Barnehage / Jeg vet. Vi ville likevel lage denne teikninga som viser ein familie som får besøk av barnevernet, fordi den kan høyre saman med mange av dei andre temaene i dette materiellet. Når de snakkar om rus, vald, seksuelle overgrep eller bu hos andre, kan det vere naturleg å kome innom barnevernet, og då kan de bruke denne teikninga.
 

Om dei tilsette i barnehagen treng meir kunnskap om barnevernet så bruke gjerne desse lenkene: