Bu hos andre

Her finn du eit samtalebilde med støttetekst som kan brukast for at barnehagebarn får lære om

  • ulike, samtidige følelsar når barn øver på å overnatte hos andre
  • vanlege motstridande følelsar når barn må bu hos andre over lengre tid
Illustrasjon som viser tre vaksne bamsar og to bamsebarn. Barna vert levert til to hyggelege vaksne som tek i mot dei utanfor huset sitt. Det eine barnet er svært skeptisk og vert støtta av den vaksne som leverer. Illustrasjonen vert brukt til å snakke med barna om å bu hos andre, eller bu i fosterheim. - Klikk for stort bilete

Skriv ut ein av desse, gjerne i A3-format. Laminer og bruk med barna i samlingsstund:

Om temaet for dei vaksne 

Nokre gongar kan ikkje barn bu heime hos foreldra sine. Når de brukar dette bildet saman med barna vil dei kanskje kome på slikt som å overnatte hos besteforeldre ei natt eller helg, for det er jo det mest vanlege. Det kan vere fint å bruke bildet til å berre snakke om dette også; den heilt vanlege uroa mange barn kan ha når dei skal overnatte borte frå foreldra ei natt eller tre. Berre det kan sette i gang mange vonde følelsar som tek stor plass og treng trygge, kloke vaksne. 

Og så er det dei barna som må bu hos andre over lengre tid. I avlastningsheim, i fosterheim eller hos besteforeldre eller anna familie over lengre tid. Når de har barn i barnehagen med slike erfaringar, kan det vere fint for dei å vite at dei ikkje er aleine om dette. Og for mange barn er det fint å vite at alle barn har rett til ein familie, og at ein får ein ny familie som blir glad i dei, dersom barn av ein eller annan grunn ikkje kan bu hos eigne foreldre ei stund.

Fosterbarn er ulike, men mange har med seg vonde erfaringar i livet. Mange har blitt utsett for overgrep og/eller omsorgsvikt, og dette har påverka dei. Dei første sårbare leveåra er så viktige for barn si tilknytning til sine vaksne. Når tilknytinga til eigne foreldre ikkje har vore trygg nok, og i tillegg etter kvart har blitt brutt, treng barnet ofte ekstra mykje tid på å bli trygg nok på sine neste nære vaksne. Først på fosterforeldra, og seinare i barnehagen. I lenkene under kan de lese om kva desse barna treng i barnehagen.

 

Les meir om fosterbarn i barnehagen: