Når nokon døyr

Her finn du eit samtalebilde med støttetekst som kan brukast for at barnehagebarn får lære om

  • kva som skjer når nokon døyr
  • ulike følelsar som er vanlege når nokon ein kjenner døyr
  • at det er vanleg for barn å gå inn og ut av sorga
Illustrasjon som viser ein bamsefamilie med vaksne og barn som står rundt ei kiste i ein gravferd. Illustrasjon som kan brukast til å lære barn om kva som skjer når nokon døyr. - Klikk for stort bilete

Skriv ut ein av desse, gjerne i A3-format. Laminer og bruk med barna i samlingsstund:

Om temaet for dei vaksne 

Mange barn opplever å miste nokon i løpet av åra i barnehagen, derfor er det fint at dei også får lære om døden i barnehagen. 
Når vi snakkar med barn om døden er det viktig at vi huskar at barn er veldig konkrete og dermed har best nytte av konkrete forklaringar som dei kan forstå. Døden handlar jo om at kroppen sluttar å fungere; hjartet sluttar å pumpe blod, alt inni kroppen skrur seg av, og kroppen brukar difor heller ingen sansar. Den som er død kan ikkje sjå, høyre, tenke eller føle, og har det dermed heller ikkje vondt, og kan ikkje vere redd eller trist. 

Dette er viktig informasjon for barn som elles kan lure på korleis det opplevast å ligge i ei kiste under jorda, eller bli brent i ein omn. Med beste intensjonar om å skåne, har barn tradisjonelt fått mange vage forklaringar om døden som har forvirra mange. Vi treng heller ikkje vere triste eller alvorlege når vi snakkar om døden med barn, når den ikkje er knytt til eit barns sorg. Døden er heilt normal og vi kan difor også vere heilt som vanleg når vi snakkar om den. 

Dersom vi snakkar om døden med barn som har mista gamle familiemedlemmar eller kjæledyr eller andre som har døydd av naturlege årsaker, bør vi huske at sjølv om dette er ein normal del av livet, så kan det kjennest dramatisk og valdsamt for barnet. Då validerer vi barna sine triste og vonde følelsar og tankar. Tonar oss inn, og gir uttrykk for at vi forstår godt at dei kjenner det slik no. Barnet kan gjerne også oppmuntrast til å teikne minner barnet vil huske frå den som døde.

Så er det jo også kjent at barn som sørger går inn og ut av sorg. Det er kjempefint at barn også får leike og ha det gøy saman med andre, sjølv om barnet nettopp har mista nokon. Og når barnet plutseleg kjem på det og viser teikn til å vere trist, kan vi vere litt i desse følelsane saman med barnet før vi igjen hjelper barnet vidare inn i noko anna.

I tillegg til å sjå på bildet og snakke litt om døden kan de gjerne lese bøker om døden, eller de kan leike begravelse for ein bamse eller noko. Det er ikkje skadeleg for barn å vere opptatt av dette temaet, og dei fleste barn har ei kognitiv utvikling som tilseier at dei blir meir opptatt av, og forstår meir av kva døden inneber, i fem års-alderen. Nokre barn kan bli bekymra for å miste nokon av sine nære. Det er jo ein heilt normal frykt mange barn har, og det er også greitt å sette ord på. Det viktige å formidle til barn då er at dei ikkje treng å vere redde for at foreldra skal døy, for det er ikkje vanleg. Dei kan også få vite at alle barn har rett til å høyre til i ein familie, så dei veldig få barna som opplever at foreldra døyr, får andre omsorgspersonar som blir glade i dei. Ingen barn blir aleine og må klare seg sjølv, og nesten alle får vekse opp heile livet saman med sine foreldre.

Dersom barnehagen opplever at barn eller foreldre dør:

Å snakke om død i høg alder er lettare enn å snakke om død som rammar dei som burde fått leve lenge enda. Dessverre skjer det jo faktisk at både barn og unge foreldre døyr, og då må barnehagen handtere dette. Det er likevel ikkje noko ein treng å fokusere på utan at det blir aktuelt. 

Når ein snakkar med barn om nokon som har døydd er det viktig at barnet får enkle forklaringar som er sanne. «Den døde sin kropp slutta å leve fordi … og då slutta hjartet å pumpe blodet rundt i kroppen.» Mange barn vil då spørje: «Kan det skje med meg/mine foreldre også?» Eit enkelt og sant svar på det er at «Alle kan døy, men nesten alle døyr først når dei blir veldig gamle. Du og foreldra dine skal nok leve lenge enda.»

 

Dette er ein film vi har laga for å lære barn om døden:


Lær meir om dette temaet: