Skriv ut ein av desse, gjerne i A3-format. Laminer og bruk med barna i samlingsstund:
Om temaet for dei vaksne
Dette temaet er tidvis veldig aktuelt, også for barn i norske barnehagar. Dei kan sjå og høyre nyhende og bli skremt av dette, eller barnehagen tek i mot flyktningbarn som skal inkluderast i kvardagen. De vel sjølve om dette er eit tema det er relevant å bruke i barnehagen no, og om de vil bruke det med berre nokre eller fleire.
Dersom det kjem flyktningbarn til barnehagen:
Husk at barn som har opplevd krig og flukt har ulike og skiftande behov. Dei har opplevd ei stor og langvarig krise, og også deira næraste er svært prega av det dei har vore gjennom, og av situasjonen som kanskje enno ikkje er over. Difor kan både barnet og foreldra trenge hjelp til å etablere tryggheit og nye rutiner i kvardagen.
Barnet har mista mykje, og kan vere livredd for å miste den/dei som framleis er her. Difor kan tilvenning i barnehagen ta lang tid. De som vaksne i barnehagen kan oppleve at barnet har ei ujavn og svingande tilpasning og trivsel den første tida. Det å bruke tid på relasjonsbygging, til å la barnet bli kjend med nye kvardagsrutiner, og å oppleve kontinuitet og stabilitet vil vere viktig. Foreldra har gjerne heller ikkje kunnskap og erfaring med konseptet barnehage, så det kan kjennest utrygt også for dei. Det er mykje nytt og mykje som skal lærast.
Heldigvis er det mange som har laga gode ressursar for barnehagar som skal ta i mot barn som har flykta frå krig. Vi anbefalar at de gjer dykk kjende med desse: