Krangling heime

Her finn du eit samtalebilde med støttetekst som kan brukast for at barnehagebarn får lære om

  • at det er forskjell på diskusjon og krangel
  • at dersom dei vert skremde av foreldre sin krangling er det lov og lurt å snakke med nokon vaksne om det
Illustrasjon som viser to bamsebarn som er redde og fortvila fordi dei to bamseforeldra kranglar valdsamt. Illustrasjon som kan brukast for å lære barn om korleis det kan vere når det er vond krangling i heimen. - Klikk for stort bilete

Skriv ut ein av desse, gjerne i A3-format. Laminer og bruk med barna i samlingsstund:

 

Om temaet for dei vaksne 

Det kan vere vondt og skummelt for barn når foreldre kranglar, men kvar går grensa mellom det som er eit sunt diskusjonsklima og det som er eit utrygt heimemiljø? Det kan tidvis vere ei vanskeleg linje å trekke.

Livet er ofte både krevjande, utfordrande og slitsamt for foreldre med små barn. Lite og ustabil søvn, økonomiske utfordringar, stadig nye foreldreutfordringar i tillegg til alt som har med eigen jobb å gjere, kan kjennast overveldande for nokon og ein kvar. Då er det slett ikkje uvanleg at det kan føre til at foreldre blir mindre fornøgde med kvarandre, mindre einige med kvarandre, og at ein diskuterer meir. Eller kranglar. 

Det er for så vidt heilt greitt at barn veks opp og erfarer at foreldre kan verte frustrerte på kvarandre, diskutere noko – og så finne ut av det og gå vidare. Det er ikkje farleg for barn at foreldre innimellom blir høglydte eller brenner av og seier noko ein angrar på etterpå. Men det er svært viktig for barnet at dei faktisk forsøker å reparere og gjere det godt igjen etterpå. Viser barnet, og den andre vaksne, at dei forstår at dei sa/gjorde noko dumt, og er lei for det. At dei sjølv tek ansvar for handlinga si, og vil gjere sitt beste for å seie frå på ein rolegare måte i framtida.

Det er ikkje bra for barn å vekse opp i ein heim der foreldre ofte kranglar så mykje at barna blir redde. Spesielt ikkje når dei vaksne ikkje sørger for å reparere tryggheita igjen etterpå. Og spesielt ikkje om kranglinga inneheld skjellsord og tydeleg forakt mot den andre, og om kroppsspråket er truande slik at det kjem i kategorien vald.

I lenkene under her finn de mange gode råd og mykje kunnskap om krangling og konfliktar. For det er mogleg å lære seg å diskutere på gode måtar – uansett kor hissig temperament ein har i seg frå før! Å tileigne seg slik kunnskap er ei svært god investering for seg sjølv og barna: