Kropp og grenser

Her finn du eit samtalebilde med støttetekst som kan brukast for at barnehagebarn får lære om

  • at det er vanleg å vere nysgjerrig på eigen og andre sine kroppar
  • at det er greitt å ta på og kose med sin eigen kropp og tiss når ein er aleine
  • at alle bestemmer over sin eigen kropp
Illustrasjon som viser to bamsebarn som ser på den eine sin tiss. Illustrasjon som kan brukast for å snakke med barn om kropp og grenser. - Klikk for stort bilete

Skriv ut ein av desse, gjerne i A3-format. Laminer og bruk med barna i samlingsstund:

 

Om temaet for dei vaksne

Det er ikkje uvanleg at barnehagebarn er opptatt av eige eller andre sine kjønnsorgan, og mange vaksne i barnehagar har kjent seg usikre på korleis det er lurt å gå fram når barn held på med tissen sjølv om dei er saman med andre, eller når barn vil leike på seksualiserte måtar. Det er ikkje rart. For på den eine sida skal vi jo unngå at barn skal skamme seg over det å like å ta på eigen tiss, og på den andre sida har vi ansvar for å lære barn å vere på ein slik måte at andre ikkje synes dei er ekle eller rare. Det er ein av grunnane til at vi har laga dette samtalebilde. Ved å sjå på teikninga og snakke om kropp og grenser, får de eit felles språk for dette, og barna lærer at det er greitt å kose med eigen tiss når ein er aleine.

Les gjerne kva Bufdir skriv om kva ein bør snakke med barnet om innan dette temaet: Barn og seksualitet | Bufdir

Den andre grunnen til at vi har laga dette samtalebildet er at det er anbefalt å lære barn om positiv seksualitet før ein lærer dei om seksuelle overgrep. Så for at barn skal kunne få kunnskap og språk som kan beskytte dei mot seksuelle overgrep, så må dei altså også få kunnskap om det vi har kalla tissenkos.

For barn har lov til å utforske eigen tiss, og det er heilt naturleg for barn å vere nysgjerrige og ha lyst til å utforske kvarandre sine nakne kroppar. Dei skal ikkje forbinde dette med fy eller æsj, men lære viktige reglar som at alle må ville vere med på det, og at det alltid er lov å seie nei.
 

Lær meir om temaet