Slik ser dei 10 samtalebilda ut. Dei har illustrasjonar laga for Livet&Sånn av Line Katrin Moe.
Det hadde vore fint om det ikkje hadde vore behov for dette temaet i barnehagen. Nokre vil kanskje også tenke at det er rart, ubehageleg eller uklokt å snakke med små barn om desse tinga. Og kanskje treng de ikkje bruke alt, eller bruke det med alle. Statistisk er det likevel truleg at de har fleire barn i barnehagen desse tema er relevante for. Barn som har opplevd, eller kan kome til å oppleve, seksuelle overgrep. Barn som lever med vald i heimen. Krangling, sjukdom, død, bu hos andre, rus, flukt og meir. For desse barna kan det utgjere ein stor forskjell at dei har fått lære om desse tema i barnehagen.
For barn som opplever at vaksne sjekkar om dei kan utnyttast i seksuelle overgrep, kan det utgjere stor forskjell at barnet veit at dette ikkje er noko barn må vere med på. Dei kan reagere på tilnærmingane på måtar som får den vaksne til å forstå at barnet har lært at dette ikkje er lov, og då blir det vanskelegare for den vaksne å lokke og lure. Og barn som har opplevd traume knytt til seksuelle overgrep kan klare å seie frå og få hjelp.
Mange er opptatt av at dei barna som ikkje opplever slike vonde ting må få sleppe å vite at slikt finnast. Sleppe å bli skremte. Nokre er også redde for at barn som har lært om dette i barnehagen kan finne på og fortelje om ting som ikkje har skjedd, og dermed sette seg sjølv og vaksne i vanskelege situasjonar. Undersøkinga Forskning om effekt av opplærings- og informasjonstiltak om vold og seksuelle overgrep for barn og unge - FHI fann ingen teikn på at det å lære barn om vald og seksuelle overgrep hadde slike skadeverknadar. Og den konkluderte med at opplæring av barn over 3 år fører til kunnskap som kan hjelpe.
Difor har vi laga dette materiellet og anbefaler at det blir brukt årleg blant dei større barna i barnehagen.
Det er sjølvsagt mange andre ting barn kan oppleve i familien sin som også kan vere slitsamt eller gjere vondt. Skilsmisse, tap av omsorgsperson, nye bonusforeldre/søsken, søsken som har store hjelpebehov m.m. I temaet Familie og mangfald finn de materiell for å snakke med barn om slike tema.
Under Livsmestring og helse i Rammeplanen står det: «Gjennom den daglige og nære kontakten med barna er barnehagen i en sentral posisjon til å kunne observere og motta informasjon om barnas omsorgs- og livssituasjon. Personalet skal ha et bevisst forhold til at barn kan være utsatt for omsorgssvikt, vold og seksuelle overgrep, og vite hvordan dette kan forebygges og oppdages. Personalet skal kjenne til opplysningsplikten til barnevernet, jf. barnehageloven § 46.»
Under Kropp, bevegelse, mat og helse står det at barnehagen skal bidra til at barna blir trygge på egen kropp, får en positiv oppfatning av seg selv og blir kjent med egne følelser og at de setter grenser for egen kropp og respekterer andres grenser. Personalet skal bidra til at barna utvikler et bevisst forhold til retten til å bestemme over egen kropp og respekt for andres grenser.
Desse snakkebilda kan brukast på ulike måtar etter behov. Vi anbefaler at de brukar dei systematisk med barna annan kvart år, slik at alle får kunnskapen dei treng om dette. De kan også bruke enkelt-tema ved behov.
De kan bruke snakkebilda i samlingsstund i gruppa, eller saman med mindre grupper av barn. De kan også bruke nokre av bilda i samtalar med enkeltbarn de er bekymra for, som utgangspunkt for samtale.
Barnehagen bør førebu seg til dette temaet gjennom å lese tekstane til dei vaksne for kvart undertema, og gjerne bruk også dette personalkurset i forkant. Det er laga for skole, men det kan tilpassast til barnehage.
Det er lurt å vere fleire saman når de snakkar med barna om slike tema.
Det er fint om de som vaksne i barnehagen kan ha ei imøtekomande, undrande og varm haldning når barn fortel om eigne opplevingar, tankar og følelsar, eller har spørsmål til temaet. Ei haldning som formidlar at det ikkje er noko som er feil å fortelje om, og at de tek borna på alvor.
Dersom nokon av barna fortel om eigne vonde erfaringar i barnegruppa kan det vere lurt å validere opplevinga og følelsen til barnet, til dømes ved å seie noko slikt som «Det må ha kjentest skummelt ut for deg, og kanskje vart du lei deg også, det hadde nok eg blitt trur eg. Etter samlinga vil eg gjerne at vi kan snakke litt til om dette.» Vi anbefaler å forsøke å skjerme barnet frå å dele for mykje i barnegruppa, men husk for all del å faktisk følge opp barnet rett etterpå når de kan prate utan at dei andre høyrer på.
Det er viktig at de sender lenke til foreldra og informerer om kva de har snakka om når de brukar dette med barna. I starten av barnehageåret er det fint om de viser foreldra desse nettsidene på Livet&Sånn og fortel at de kjem til å bruke dette i løpet av året. Sei at foreldra vil få informasjon i etterkant dei dagane de har snakka om dei mest sårbare emna slik at dei ikkje blir redde dersom barnet plutseleg snakkar om slikt heime.
Vi kan dessverre ikkje informere på førehand om akkurat kva dag vi skal ha kva tema, fordi det kan medføre risiko for at enkelte barn ikkje får kome på barnehagen nokre av dagane.