Seksuelle overgrep

Her finn du eit samtalebilde med støttetekst som kan brukast for at barnehagebarn får lære om

  • at seksuelle overgrep kan skje, men at det er ulovleg
  • at det alltid er lov og lurt for barn å fortelje andre vaksne om seksuelle krenkingar og overgrep, sjølv om det kan vere vanskeleg
  • at barn aldri er ansvarlege for seksuelle overgrep
  • at vaksne som gjer slikt treng hjelp for å slutte med det
Illustrasjon som viser ei bamsejente som ligg på senga si, og ein bamsemann som sit på sengekanten. Mannen har handa si på jenta sitt kjønnsorgan. Jenta ser bort og har det tydeleg ikkje bra. Illustrasjon som kan brukast for å lære barn om seksuelle overgrep. - Klikk for stort bilete

Skriv ut ein av desse, gjerne i A3-format. Laminer og bruk med barna i samlingsstund:

Om temaet for dei vaksne

Det hadde vore fint om dette var eit tema vi ikkje trengte å snakke med barna om, for dette er vondt og vanskeleg. Og i ukomfortabel sone for dei fleste av oss. Å snakke med barn om sex kan kjennest vanskeleg nok. Å snakke om vaksne som bryt lova og involverer barn i sine seksuelle handlingar er jo mykje verre. Mange er redde for at det å snakke om dette fører til at barn som ikkje opplever seksuelle overgrep skal begynne å uroe seg for om det kan skje med dei, eller enda verre, at dei gir uttrykk for at slike ting hender med dei utan at det stemmer, slik at uskuldige kan bli mistenkt. Vi forstår denne uroa. 

I løpet av dei siste åra har det blitt meir vanleg å undervise barn om vald og overgrep, så difor finnast det no ein del kunnskap om effekten av dette. Mellom anna har Folkehelseinstituttet gjort ei systematisk kartlegging av forsking gjort på dette feltet: Forskning om effekt av opplærings- og informasjonstiltak om vold og seksuelle overgrep for barn og unge - FHI Her fann dei ingenting som tyda på at det å undervise barn frå 3 år og oppover om seksuelle overgrep hadde skadelege effektar, eller auka frykt. Tvert i mot viser både forsking og erfaring at slik undervisning styrkar barn sine sjansar til å unngå overgrep. Systematisk opplæring for alle om at «sex-ting» med barn er seksuelle overgrep, og ikkje lovleg, gjer det også mykje vanskelegare for dei som har slike preferansar å overbevise barn om at dette er fint, rett eller greitt. Og det aukar sjansen for å bli anmeldt og straffa. Difor har kunnskap om slik undervisning også preventiv effekt.

Målet med slik opplæring er at barn skal lære at ingen har lov til å bruke dei til å gjere «sex-ting» på nokon som helst måte. Og at det alltid er lurt og lov å fortelje om det til andre vaksne uansett om det er hemmeleg eller om ein blir trua. 

Barn skal likevel få sjansen til å utvikle eit trygt og godt forhald til eigen kropp og gryande seksualitet, så bruk helst snakkebildet om Kropp og grenser før det brukar dette om seksuelle overgrep. 

Når de skal lære barn om seksuelle overgrep kan de gjerne også bruke dette flotte materiellet frå Jegvet: Kroppen min eier jeg / Barnehage / Jeg vet Her finn de også mange vanlege spørsmål frå barn som de kan bruke for å vere meir førebudd før undervisninga.

I tillegg til at barn får lære om dette er det viktig at dei vaksne på barnehagen får lære om korleis ein kan oppdage overgrep, og korleis ein kan gå fram for å hjelpe. Då kan de gjerne bruke dette personalkurset sjølv om det er laga mest for skole, eller de kan sjå på dei ulike lenkene i dei grå boksene under. Vi anbefalar at de set av tid til å oppfriske kunnskapen om dette svært viktige temaet. 

NB! Det er viktig at foreldre får vite at de har snakka om dette i barnehagen. Informer gjerne foreldre i starten av året om at dette er noko de snakkar med barn om, og at de kjem til å informere foreldra den dagen de har hatt om temaet. Heng gjerne ein liten plakat på døra i garderoben der det står «I dag har vi lært om seksuelle overgrep. Vi har sendt ut ein epost med lenke til det vi har brukt saman med barna» OG send ut ein slik e-post med lenke til dette i Livet&Sånn. Det gjer det mogleg for foreldra å kunne fange opp eventuell uro og svare på uvanlege spørsmål. Det er likevel vanleg å anbefale at ein ikkje fortel foreldre på førehand akkurat kva dag barna skal lære om dette. Det er fordi dei foreldre dette eventuelt gjeld ikkje skal kunne halde barnet sitt heime for anledninga. Det betyr ikkje at barnehagen mistenker nokon av foreldra, men at dei følger tydelege råd frå dei aktørane som jobbar med seksuelle overgrep.