Skriv ut ein av desse, gjerne i A3-format. Laminer og bruk med barna i samlingsstund:
Om temaet for dei vaksne
3 viktige grunnar til å snakke om dette temaet i barnehagen:
1. Barn treng å vite at dei har rett til ein heim utan vald
2. Foreldre treng å vite at ein kan få hjelp til å slutte å bruke vald
3. Dei som jobbar med barn treng å vite korleis dei kan oppdage at barn opplever vald, og korleis dei kan gå fram for å hjelpe.
Barn skal ikkje utsettast for vald, men vi veit at det likevel skjer i enkelte heimar. Foreldre ønskjer ikkje å slå, knipe, true eller fysisk straffe barna sine, men nokre mistar kontrollen og gjer det likevel. Dette er svært skamfullt og tabubelagt, og medfører ofte stor frykt også blant dei som gjer det. Difor ber dei sjeldan sjølv om hjelp. Og dei andre i familien tørr ofte heller ikkje å seie frå. Difor er det viktig at barnehagar og skolar snakkar om vald i heimen. Barn treng å vite at vaksne ikkje har lov å bruke vald mot dei – eller mot andre. Og barn treng å vite at dei ALLTID har lov å fortelje om slike ting til trygge vaksne, dersom det har skjedd noko vondt heime.
I tillegg til å bruke samtalebildet med barna kan de gjerne også bruke Rett til å være trygg / Barnehage / Jeg vet for å gi barna kunnskap om vald.
Vald i heimen kan vere veldig mykje forskjelleg. Vald mot barn, men også vald retta mot den andre vaksne. Dette går i stor grad ut over barna sjølv om dei sjølve ikkje blir fysisk utsett. Vald kan også vere materiell, fysisk eller psykisk.
Vi har valt å lage eit bilde av eit barn som har søla ved matbordet, og mammaen blir sint og knip barnet i øyret. Det er mykje i bildet som viser at dette ikkje er greitt. Berre det at det yngste barnet gøymer seg under bordet, tyder på at barnet beskyttar seg. Barn skal ikkje trenge å beskytte seg frå dei dei skal vere trygge hos, og det å oppleve slike ting kan medføre store skadeverknadar på barna – både no og seinare i livet.
Like viktig som å sørge for at barn veit at ikkje noko form for vald er greitt, er det å sørge for at foreldre veit at det er mogleg å få hjelp til å reagere annleis når slike situasjonar oppstår. Det kan kjennast som noko ein ikkje har kontroll over, men det er mogleg å få kontroll. Foreldre kan velje å oppsøke hjelp, til dømes på familievernkontoret eller hos barnevernet, eller oppsøke nettbasert hjelp (sjå lenker i dei grå boksene under).
Temakveldane frå Livet&Sånn kan også vere nyttige for å forhindre vald i heimen, og hjelpe foreldre til å handtere kvardagen med barn på trygge, gode måtar. Vaksne i barnehagen kan gjerne gå igjennom dette personalkurset om vald og overgrep. Sjølv om det er laga for skole er det også relevant for barnehagen .
«Utøvere av vold i nære relasjoner» fra Norsk psykologforening
Film om sinnemestring frå RVTS Sør
Hvorfor fungerer det ikke å straffe barn? Foreldrehverdag frå Bufdir.