Generelt
Alle foreldremøta frå Livet&Sånn kan kombinerast med foreldremøte ein elles skulle hatt i barnehagen. Vi anbefaler at møtet ikkje varer meir enn 60-90 minutt. Bruk dei siste 30-45 minutta til temadelen frå Livet&Sånn. Dei fem møta kan fordelast over fem år med eitt møte i året, eller de kan ha eitt møte i halvåret. Det gjer ingenting om foreldra deltek på det same møtet etter 2 ½ år eller oftare. Dette er uansett lurt å bli minna om når ein har ansvar for barn.
Invitere til møtet
Denne invitasjonen skal du tilpasse med tid og stad og eventuelt meir. Når du sender den digitalt er det viktig at du lagrar den som pdf slik at foreldra kan trykke på bildet av filmen for å sjå den.
Å leie møtet
Når du skal lede møtet passar det fint å bruke denne køyreplanen. Den kan du skrive ut og ta med deg til møtet:
Di rolle i temadelen er å vere vertskap og møteleiar, ikkje forelesar eller ekspert. I instruksjonsarket står det eit forslag til korleis du informerer foreldra også om dette.
Legg merke til at vi ikkje har lagt inn forslag til korleis de oppsummerer det gruppene har snakka om i plenum. Filmane inneheld mykje som kan opplevast sårbart for nokre av foreldra og vi ønsker at det skal vere trygt å delta utan å føle at dei deler meir om seg sjølve og barna sine enn dei vil og skal. Det å lede slike oppsummeringar i plenum kan vere komplisert, og vi har difor valt å ikkje legge det inn som eit element i foreldrekveldane. Prosessen skjer i kvar enkelt, i dei små gruppene, og fortset kanskje også i heimane i etterkant. Spørsmål av typen «Er det nokon som har lyst å dele noko nyttig dei har lært eller kome på i kveld før vi avsluttar?» kan derimot verke samlande og vere med å ramme inn økta.
Gode rammer for møtet
- Ta gjerne i mot foreldra i døra, møt blikket deira, smil og ønsk velkomen.
- By gjerne på ein kopp kaffi eller te medan dei venter på at møtet skal starte.
- Møbler slik at det er mogleg å snu seg saman 2-5 stk. Eller bruk gruppebord.
- Sørg for at lyd og bilde er klart, og når ut til alle som skal sjå
- Resten av personalet i barnehagen kan gjerne vere med på møtet, det kjennes trygt for dei heime å vite at de alle jobbar med det same.
- Om de skal kombinere møtet med val av foreldrerepresentant eller liknande, så prøv å finne kandidatar på førehand. Det er lettare for folk å stille til val etter personleg spørsmål, og folk slepp å sitte og kjenne på ugrei stemning medan ingen vil melde seg. Om de kombinerer med skriftleg oppfordring til alle som å melde seg som kandidat sikrar de at alle har fått sjansen til å vere med.
Om temaet for dette møtet
Dette møtet har fokus på sinnemeistring og reparasjon. Det er ganske tunge tema, og for nokre kan det kjennes svært sårbart. Vi har forsøkt å lage opplegget slik at også foreldre som slit med dette kan delta utan å kjenne at dei blir oppfordra til på dele frå eige liv, eller at dette blir for vanskeleg. Det er heilt bevisst at vi ikkje stiller spørsmål som fører til at foreldre deler eigne opplevingar, eller deler informasjon om eigne barn. Om ein opnar for slik erfaringsdeling kan ein fort miste kontrollen over det som vert formidla og stemninga i rommet. Sjølv om dette er eit sårbart tema er det viktig å bruke tid på det. Mange vaksne blir for sinte på barn, og kan ein hjelpe nokon å regulere eige sinne, eller be om hjelp til dette, kan det få svært positive følger for dei som lev tett på personen til dagleg. Det viktigaste rådet til deg som skal leie møtet er difor at du ikkje vert freista til å utvide opplegget med erfaringsdeling i plenum med spørsmål som kan få foreldre til å dele for sensitive/private opplysningar frå eige liv eller om barna sine. Om nokon likevel skulle ta ordet og gjere dette foreslår vi at du forsøker å møte det med setningar som dette: «Det er fint at du ønsker å prate om/finne ut av dette. Kan vi ta ein liten prat om det etterpå? Vi prøver å ikkje ha fokus på enkeltbarn i møtet her» «Takk for at du deler. Det er nok mange som kan kjenne det slik. Vi vil prøve å halde oss til det som er generelt i dag, sjølv om det nok kan dukke opp mange konkrete eksempel i minna hos mange av oss». Og så lede tilbake til det opprinnelege spørsmålet.