Generelt
Alle foreldremøta frå Livet&Sånn kan kombinerast med foreldremøte ein elles skulle hatt i barnehagen. Vi anbefaler at møtet ikkje varer meir enn 60-90 minutt. Bruk dei siste 30-45 minutta til temadelen frå Livet&Sånn. Dei fem møta kan fordelast over fem år med eitt møte i året, eller de kan ha eitt møte i halvåret. Det gjer ingenting om foreldra deltek på det same møtet etter 2 ½ år eller oftare. Dette er uansett lurt å bli minna om når ein har ansvar for barn.
Invitere til møtet
Denne invitasjonen skal du tilpasse med tid og stad og eventuelt meir. Når du sender den digitalt er det viktig at du lagrar den som pdf slik at foreldra kan trykke på bildet av filmen for å sjå den.
Å leie møtet
Når du skal lede møtet passar det fint å bruke denne køyreplanen. Den kan du skrive ut og ta med deg til møtet:
Di rolle i temadelen er å vere vertskap og møteleiar, ikkje forelesar eller ekspert. I instruksjonsarket står det eit forslag til korleis du informerer foreldra også om dette.
Legg merke til at vi ikkje har lagt inn forslag til korleis de oppsummerer det gruppene har snakka om i plenum. Filmane inneheld mykje som kan opplevast sårbart for nokre av foreldra og vi ønsker at det skal vere trygt å delta utan å føle at dei deler meir om seg sjølve og barna sine enn dei vil og skal. Det å lede slike oppsummeringar i plenum kan vere komplisert, og vi har difor valt å ikkje legge det inn som eit element i foreldrekveldane. Prosessen skjer i kvar enkelt, i dei små gruppene, og fortset kanskje også i heimane i etterkant. Spørsmål av typen «Er det nokon som har lyst å dele noko nyttig dei har lært eller kome på i kveld før vi avsluttar?» kan derimot verke samlande og vere med å ramme inn økta.
Gode rammer for møtet
- Ta gjerne i mot foreldra i døra, møt blikket deira, smil og ønsk velkomen.
- By gjerne på ein kopp kaffi eller te medan dei venter på at møtet skal starte.
- Møbler slik at det er mogleg å snu seg saman 2-5 stk. Eller bruk gruppebord.
- Sørg for at lyd og bilde er klart, og når ut til alle som skal sjå
- Resten av personalet i barnehagen kan gjerne vere med på møtet, det kjennes trygt for dei heime å vite at de alle jobbar med det same.
- Om de skal kombinere møtet med val av foreldrerepresentant eller liknande, så prøv å finne kandidatar på førehand. Det er lettare for folk å stille til val etter personleg spørsmål, og folk slepp å sitte og kjenne på ugrei stemning medan ingen vil melde seg. Om de kombinerer med skriftleg oppfordring til alle som å melde seg som kandidat sikrar de at alle har fått sjansen til å vere med.
Om temaet for dette møtet
Dette møtet handlar om ulike barn som har ulike behov, og om korleis barn kan få vere både sårbare og robuste med god sjølvfølelse. Dette er tema mange er opptatt av. Dei fleste foreldre ønsker å gjere så godt dei kan for at barna deira skal ha det best mogleg. Men barn er jo så ulike! Det som verkar bra for eitt barn kan kjennast heilt feil for eit anna. Så i jakta på universelle oppskrifter og gode råd, er det viktig å huske på at ingenting vil vere rett for alle. Vi må tilpasse oss, sidan barn er ulike.
Det er også nyttig å fokusere på sjølvfølelse i fokuset på at barn skal bli robuste. Dei tiltaka vi elles ville brukt for å gjere barna meir motstandsdyktige mot det som dukkar opp av smerter i livet, kan fort få motsett effekt enn vi ønska for dei. Dersom vi jobbar for å styrke sjølvfølelsen deira gjennom å få dei til å kjenne verdi og like seg sjølv slik dei er, så har vi betre sjanse til å ruste dei til ulike sider av livet som kjem.