I perioden 2017-2020 hadde Ålesund kommune prosjektet "Kurs i psykisk helse" støtta av Stiftelsen DAM med Mental Helse som søkarorganisasjon. I dette prosjektet fekk alle 14-åringar i kommunen undervisning i psykisk helse frå fagpersonar gjennom eit 6-timarskurs i klassa si.
Materialet vart utvikla i samarbeid mellom ulike fagpersonar i Ålesund kommune, og med innspel frå fagpersonar i andre kommunar som også brukte materialet. Både lærerar, spesialpedagogar, helsesjukepleiarar, sosionomar, barnevernspedagogar og psykologar har vore med i utviklinga av materialet. Ikkje minst har elevane sjølv vore viktige for korleis materialet har blitt. Alle elevar som hadde kurset fra 2015 - 2019 evaluerte timene, og har dermed gitt sine innspill til innhald og utforming vidare. I tillegg vart det gjennomført fokusgruppesamtalar med elevar, noko som var svært nyttig for utviklingsarbeidet.
Les om prosjektet i Stiftelsen DAM sitt prosjektbibliotek: Kurs i psykisk helse i ungdomsskolene - Stiftelsen Dam
Forskning på prosjektet:
Det er gjort fleire elevundersøkingar om dette kursopplegget. Ein av desse er publisert som fagfellevurdert artikkel. To undersøkingar er kun tilgjengelig her på nettsida i pdf-format:
Psykisk helse på timeplanen kva meiner elevane? - PDF Free Download (docplayer.me)
master_RørstadIK.pdf (hivolda.no) Masteroppgåve av Inger Karin Rørstad: «For dagane går opp og ned og det er normalt at det svingar» Korleis kan lærarar oppleve å gjere seg nytte av eit kurs om psykisk helse i skulen gitt som undervisning til elevane av eksterne kurshaldarar?
Tabeller frå elevundersøking i 2019 - 894 elevar (PDF, 183 kB)
Elevundersøkelse vår 2018 (PDF, 293 kB)
Om prosjektet i media: